Tilskot til studiesenter

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til studiesenter.

Føremål

Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar.

Ordninga skal bidra til etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller  desentraliserte utdanningstilbod,  auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse og gje fleire som står utanfor arbeidslivet tilgang til utdanning og kompetanseutvikling.

Kven kan søke?

Private og offentlege verksemder, stiftingar og organisasjonar, som er registrerte med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera, kan søkje om tilskot til studiesentera

Kor mykje støtte?

Studiesentera kan få støtte i inntil 3 år. Maksimum søknadsbeløp per år er på kr 2. 000.000 kr. Tilskotet skal ikkje utgjere meir enn 80 % av godkjente kostnader.

Kva er søknadsfristen?

Søknadsfristen er 5. juli 2025.

Krav til innhaldet i søknaden

Søknaden må innehalde følgjande opplysningar om søkjar og økonomi:

  • namn på søkjar og organisasjonsnummer
  • kontaktperson, administrativt ansvarleg eller prosjektleiar
  • tilskotsbeløpet det blir søkt om
  •  beskriving av kva det blir søkt om midlar til
  • eit spesifisert og kostnadseffektivt budsjett og ein finansieringsplan
  • informasjon om regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats.

Søknaden må òg innehalde følgjande:

  • omtale av mål og målgrupper
  • forventa resultat vurdert opp mot kriteria for måloppnåing
  • gjennomføringsplan inkludert tidsplan
  • eit relevant kunnskapsgrunnlag, frå til dømes fylkeskommunen, som beskriv behova i arbeidsmarknaden
  •  informasjon om at studiesenteret har kapasitet til å oppretthalde og/eller etablere nye studietilbod
  • ein underteikna avtale mellom studiesenteret og utdanningsinstitusjon (eller tilbydar(ar)) om å samarbeide om eit desentralisert og/eller fleksibelt utdanningstilbod.
  • ei skildring av korleis studiesenteret oppfyller kriteria vedtatt i sak i Hovudutval for næring (sett inn lenke).

Tilskotet skal berre dekke kostnader som er naudsynte for gjennomføring og føremålet med ordninga (Jfr. Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta § 10, som du finn her).

Godkjend timesats for eige arbeid i prosjektet følgjer Innovasjon Norge sine reglar, dvs. ein timepris på inntil 700 kr, inkludert overheadkostnader. Timekostnadene må vere reelle. Her kan du lese om Innovasjon Norges godkjente timesatsar.

Tilskotet kan ikkje finansiere følgjande:

  • kausjon eller annan økonomisk garanti
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte studiesentertilbod
  • avsetting av midlar til uspesifiserte fond
  • fysiske bygg

Tilskot kan ikkje finansiere følgjande driftskostnadar:

  • utstyr over ein samla kostnad på 50 000 kroner
  • løn til undervisarar som er finansierte av andre institusjonar og organisasjonar
  • fagleg og pedagogisk utvikling
  • oppgåver som utdanningsinstitusjonane har eit eige ansvar for
  • reise- og opphaldskostnadar for studentar
  • reise- og opphaldskostnadar for undervisarar kan dekkast dersom andre kjelder til
  • finansiering ikkje er mogeleg.

Søknadene vert behalda samla etter at søknadsfristen har gått ut og vert i tillegg til krava for forskrifta vurdert etter vedtekne kriterier for støtte til studiesenter:

  • Studiesenteret støttar opp under prioriteringane i gjeldande fylkeskommunale planar
  • Det leggjast til grunn ei geografisk spreiing av studiesenter, der tilbod som møter spesielle distriktsutfordringar prioriterast
  • Studiesenteret skal fortrinnsvis samarbeide med eksisterande utdanningsinstitusjonar i fylket
  • Studiesenteret skal i søknaden skildre korleis tilboda i studiesenteret passar inn i og er utfyllande opp mot andre utdanningstilbod i regionen. Studiesentera skal ikkje sette i gang utdanningstilbod i konkurranse med utdanningsinstitusjonar i regionen men tilby kurs og utdanningar som er etterspurd og som verksemder og einskildpersonar ikkje har tilgang til frå før.
  • Studiesenteret må skildre etterspurnaden etter tilboda med utgangpunkt i fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag og eiga innhenta informasjon
  • Studiesenteret må skildre korleis dei jobbar med mobilisering av deltakarar på tilboda også dei som står utanfor arbeidslivet
  • Studiesenteret sitt arbeid må forankrast i kompetanseforumet i regionen
  • Studiesenteret må i søknaden skildre organiseringa av senteret og plan for langsiktig eksistens, inkludert plan for finansiering av senteret ut over fylkeskommunal støtte.

Tilskot til studiesentera som driv økonomisk aktivitet blir tildelt som kompensasjon for tenester av almen økonomisk tyding, i medhald av lov om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde § 63 og vedlegg XV 1h, jf. Kommisjonsbeslutning av 20. desember 2011, artikkel 106 nr. 2 i traktaten om Den europeiske unions verkemåte på statsstøtte. Artikkelen omhandlar godtgjersle for utføring av tenester av allmennøkonomisk tyding (EUT L 7 av 11.1.2012, s. 3).

Mottakarar av tilskot som både har økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet, skal ha ulike rekneskap for desse. Mottakarane må ha interne retningslinjer som sikrar at felleskostnadar blir fordelte på ein forholdsvis måte mellom den økonomiske aktiviteten og den ikkje-økonomiske aktiviteten.

Kommunal- og distriktsdepartementet og tilskotsforvaltar kan be om informasjon frå søkjar som er naudsynt for å avgjere om støtta er foreinleg med den indre marknaden.

Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av eit tilsegnsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med godkjente aktivitetar i det tidsrom som går fram av tilsegnsbrevet.

Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom:

  • søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer tilsegnsbrevet (e-signering)
  • tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan

Tilsegnsbrevet har krav til rapportering på framdrift, resultat og rekneskap. Det skal sendast inn rekneskap innan tre månader etter at prosjektet er gjennomført. Sluttrapporten skal innehalde stadfesta rekneskap frå revisor.

Mottakar av tilskotet skal beskrive resultat- og måloppnåing av tilskotet og om gjennomføringa var etter planen, jf. paragraf 6 og 9 i forskrifta for studiesenterordninga.

Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.