Verdiskaping per region og kommune
Næringssamansetnad og verdiskaping er svært forskjellig på tvers av regionar og kommunar i Vestland. Vestland fylkeskommune har derfor laga rapportar og visualiseringar på region- og kommunenivå. Presentasjonane vert distribuert som PDF-filer på grunn av storleiken. Dei er merka med logo og kjeldevisningar og kan fritt brukast av alle til å synleggjera storleik og samansetnad for næringslivet i kommunen i presentasjonar og planarbeid. Kontakt lene.borgen.waage@vlfk.no dersom du har spørsmål, eller ønsker å få tilsendt presentasjonar som powerpointfiler.