Næringshageprogram i Sunnfjordregionen 2027-2033

No er det mogleg å melde interesse for å drive næringshageprogrammet i Sunnfjordregionen frå 2027.

Dagens prosjektperiode for næringshageprogrammet i Sunnfjordregionen går ut 2026. Vestland fylkeskommune ynskjer å ta opp eit selskap i næringshageprogrammet som kan gje eit tilbod til bedriftene i Sunnfjordregionen (Sunnfjord kommune, Kinn kommune, Askvoll kommune, Fjaler kommune, Bremanger kommune, Høyanger kommune) i åra 2027-2033. 

Selskapet må oppfylle minstekrava i programmet, og krav frå Vestland fylkeskommune, og gje eit næringshagetilbod til bedrifter i heile regionen. Programoperatør av næringshageprogrammet må vere eit selskap med hovudvekt privat aksjekapital, solid kompetanse, og evne til å samarbeide både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er prioritert å ta opp selskap som allereie er programoperatør, framfor å etablere nye selskap.

Vi oppmuntrar relevante aktørar om å samarbeide, og ikkje levere konkurrerande initiativ.

Premissar for opptak
Hovudutval for næring har lagt til grunn følgjande premissar for tildeling av oppdrag som programoperatør i Sunnfjordregionen:

  • Operatør må oppfylle minstekrava i programmet
  • Berekraftig verdiskaping Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og Handlingsprogram 2022-25 - Berekraftig verdiskaping ligg til grunn for opptak
  • Sikre programaktivitet i alle kommunar
  • Prioritere at aktørar tatt opp i program utvidar sitt nedslagsfelt, framføre å etablere nye selskap
  • Prioritere løysingar som gir eit saumlaust verkemiddelapparat, med samspel mellom eksisterande ordningar og samarbeid mellom aktørar
  • Tett samarbeid mellom næringshageprogrammet og inkubatorprogrammet
  • Godt samarbeid mellom operatørane av programma i vårt fylke, og mellom operatørane og andre aktørar i innovasjonsinfrastrukturen regionalt og nasjonalt

Rammevilkåra stiller stadig sterkare krav til samordning og effektiv drift. Vi legg til grunn at opptaket av operatør i Sunnfjord skal føre til det tilbodet som er best for Sunnfjordregionen, og som samla sett gir eit best mogleg og effektivt næringshagetilbod i Vestland og nyttar dei avgrensa ressursane på ein best mogleg måte.

  • Søkjar må oppfylle alle formalkrava (kunne svare ja på kriteria for å vere kvalifisert som søkjar).
  • Det er ein føresetnad at søkjar vil gje eit tilbod om næringshageprogram til bedrifter i heile Sunnfjordregionen frå januar 2027.
  • Vi prioriterer aktørar som allereie er tatt opp i program, framføre å etablere nye selskap. Det betyr at det skal heilt særskilte grunnar til før nye selskap blir prioritert framføre ein eksisterande programoperatør av næringshage- eller inkubatorprogrammet til Siva.
  • Det vil bli vurdert i kva grad selskapet oppfyller følgjande område:
    • Ressursar og kompetanse i selskapet, vi vil legge vekt på at selskapet har ressursar til å tilby program frå januar 2027. Erfaring blir lagt vekt på.
    • Fleirfunksjonalitet og økosystem (robust og sterkt selskap med gode samarbeidspartar)
    • Leveranse i tråd med overordna mål
    • Korleis selskapet ser føre seg å levere programtilbod i Sunnfjordregionen – samarbeid i regionen og å vere til stades i regionen
  • Korleis operatør vil kople næringshageprogram og inkubatorprogram blir viktig for tildeling av oppdrag. Vi vil prioritere løysingar som fører til eit mest mogleg saumlaust verkemiddelapparat og løysingar med godt samarbeid med andre aktørar. Vi vil også legge vekt på at ressursane samla blir nytta best mogleg.

Endeleg vedtak blir gjort av hovudutval for næring. 

Frist for å melde interesse for å bli programoperatør for næringshageprogrammet i Sunnfjord er 15. februar 2026. Interesse blir meldt gjennom å fylle ut skjemaet du finn til høgre på denne sida. Basert på melding om interesse vil hovudutval for næring peike på ein aktør som Siva skal utgreie for opptak til program. Siva vil etterspørje meir informasjon av aktøren som dei skal vurdere om er kvalifisert for å drive program. Endeleg vedtak blir gjort av hovudutval for næring. Selskapet som får oppdraget må vere klar til å levere næringshageprogram i Sunnfjordregionen frå januar 2027.

Vi tek atterhald om at vi kan kome til å etterspørje meir informasjon og be om avklaringar etter søknadsfristen.