Toleevneanalyse

Dette er ein rettleiar for korleis ein kan gjennomføre ei toleevneanalyse for eit reisemål, med mål om å sikre ei berekraftig utvikling av reiselivet som tek omsyn til både lokalsamfunn, natur og økonomi.

Besøksforvaltningsprosjektet i Vestland tok initiativ til å utvikle ein rettleiar for bestilling av Toleevneanalysar. Rettleiaren hjelper kommunar og andre med korleis ein skal gå fram og kva ein skal vektlegge i ein toleevneanalyse for reisemålet. Rettleiaren er utvikla i samarbeid med fagfolk som har jobba med toleevneanalysar på oppdrag for ulike reisemål og kommunar. Desse er Trond Amland (2469 Reiselivsutvikling), Torill Olsson (Mimir), Haaken Christensen (Spor natur og reiseliv), Agnes Brudvik Engeset (Vestlandsforsking).

I tillegg har det vore ei referansegruppe som har bestått av representantar frå destinasjonsselskap, kommunar og fylke i heile landet.

Kvifor har vi laga ein rettleiar for toleevneanalyse?

Rettleiaren for toleevneanalyse er utarbeidd for å styrke reisemål, kommunar og destinasjonsselskap si evne til å planlegge og styre reiselivsutvikling på ein berekraftig måte.

Vi treng:

  • Gode kunnskapsgrunnlag for å ta gode beslutningar
  • Gode analysar som står støtt i krevjande diskusjonar
  • Ein rettleiar som gjer det lettare å bestille eller gjennomføre denne typen analysar

Rettleiaren skal bidra med å:

  • Auke bestillar kompetansen
  • Skape felles omgrepsbruk
  • Gjere det lettare å avklare forventingar mellom kjøpar og leverandør
  • Gjere det mogleg å gjere ting sjølv
  • Vise til datakjelder, gjere informasjon tilgjengeleg

Kort om toleevneanalyse

Ei toleevneanalyse er eit kunnskapsgrunnlag til kommuneplanar og strategiar. Den skal brukast aktivt i planlegging og må føre til handling og oppfølging.

Ei toleevneanalyse er ei systematisk vurdering av korleis eit reisemål toler presset som kjem som følgje av turisme og besøkande (kjelde: Spor natur og reiseliv).

Lokal forankring og involvering er avgjerande. Kommunen, reiselivsnæringa og innbyggarane må vere aktive deltakarar i arbeidet. God forankring aukar aksept og gjer det lettare å gjennomføre nødvendige og krevjande tiltak.

Analysen må tilpassast det enkelte reisemålet. Både når det gjeld omfang, problemstillingar og prioritering av tema.

Ein toleevneanalyse vil ikkje kunne gi eit konkret tal på kor mange turistar reisemålet vil tole, då ulike faktorar kan spele inn. Den skal derimot beskrive og drøfte kva som er det akseptable nivået på turisme på reisemålet i åtte dimensjonar. Du finn rettleiaren i full versjon og i kort versjon på sida her. 

Kvifor toleevneanalyse?

Ei toleevneanalyse gir innsikt og kunnskap. I arbeidet med analysen må ein våge å stille dei vanskelege spørsmåla og ta viktige diskusjonar på reisemålet.

Det kan vere ein fordel å få eit blikk utanfrå for å belyse utfordringar og mogelegheiter som ein lokalt gjerne ikkje sjølv ser eller har blitt vande med.

Kunnskap om korleis innbyggarar og besøkande oppfattar reisemålet kan vere med på å sikre at omdøme ikkje blir skada av at gjestane får ei dårleg oppleving på grunn av at produktet eller vertskapsrolla vert forringa.

Kvifor vil du gjere ei toleevneanalyse?

Før oppstart rår vi reisemålet til å avklare bakgrunnen for kvifor ein treng ein toleevneanalyse. Er det særskilte utfordringar som ligg til grunn, til dømes press på enkelte lokalsamfunn, slitasje i enkelte naturområde eller enkelte kulturminne? Er det press frå visse typar besøkande og i visse sesongar? Er det kanskje eit ønskje om å vere føre var? Eller kan det vere for å få ei meir heilskapleg oversikt over mogelegheiter og utfordringar?

Kva innsikt og ressursar har du?

Før ein startar arbeidet med ei toleevneanalyse er det viktig å tenke over kva er dei viktigaste utfordringane og mogelegheitene? Kva data og innsikt har ein allereie? Kva ressursar har vi til gjennomføring og til oppfølging? Tidsbruk og gjennomføring av analysen, er det ein eller fleire kommunar analysen er for, har ein fleire sesongar ein må gjere undersøkingar i?

Det er også svært viktig å gjennomføre ein forventningsavklaring før arbeidet startar – kva kan ein rekne med ein får svar på og ikkje (basert på tilgjengelege ressursar).

Eigarskap og involvering

Før oppstart er det viktig å ha tenkt over kven som har eigarskapet til analysen og korleis ein skal involvere, er det reisemålsleiinga eller ei styringsgruppe? Det er viktig å avklare rolla til ei styringsgruppe, kva mandat og mynde har ein i prosessen og i etterkant.

Arbeidet bør vere breitt forankra på reisemålet. Har ein etablert ei reisemålsleiing, vil det vere naturleg at denne har ei sentral rolle i arbeidet og kan fungere som ei styringsgruppe. Ei reisemålsleiing bør vere forankra i kommunen, og ha brei samansetting frå næring, frivillige lag og organisasjonar, samt ulike sektorar i kommunen[1].

[1] NOU 2023:10 Leve og oppleve

Kostnad

Kostnaden på ei toleevneanalyse avhenger av fleire ting. Kostnaden vil avhenge av omfanget på analysen, om ein har innsikt frå før eller om ein også må gjere innsiktsundersøkingar, kor stort reisemålet er, med meir.

Korleis bruke kunnskapsgrunnlaget?

Det er lurt å ha tenkt gjennom på førehand kven som skal ta ansvar for oppfølging av funn og tilrådingar – er dette reisemålsleiinga, kommunen eller destinasjonsselskap?

Handlingsplanar bør utarbeidast. Handlingsplanen bør svare på kva som løysast på kort sikt og kva som blir løyst på lang sikt, og vise kven som har ansvar for gjennomføring av ulike tiltak.

Prosessar som krev innspel og tilbakemeldingar frå næring og innbyggarar skapar forventning til at noko skjer i etterkant, bruk derfor kunnskapsgrunnlaget aktivt!

I toleevneanalysen ser vi på tolegrensa for turisme i lys av ulike dimensjonar. Åtte dimensjonar er definert som saman dannar grunnlaget for heilskapleg vurdering av toleevna til eit reisemål, desse er:

  • Infrastruktur og transport: Infrastruktur på reisemålet som har betydning for opphald og opplevingar på reisemålet og reisa til, frå og på reisemålet
  • Besøkstrykk og trafikk: Utnytting av tilgjengeleg kapasitet og besøkstrykk på reisemålet. Kva type gjestar har ein på reisemålet?
  • Naturressursar og kulturminne: Korleis påverkar reiselivet natur- og kulturressursar? Slitasje, støy og forstyrringar. Bruk av natur og kultur. Verneområde. Lokal kultur og urbefolkning.
  • Sosial tolegrense: Korleis opplever innbyggarane reiselivet på heimstaden og korleis opplever dei besøkande reisemålet?
  • Klima og miljø: Miljømål. Klimautslepp. Lokal forureining.
  • Økonomisk tolegrense: Lokal verdiskaping. Sysselsetting. Heilårs- eller sesongbasert reiseliv. Er det lokale reiselivet økonomisk berekraftig? Har ein stor økonomisk lekkasje?
  • Visuell tolegrense: Korleis pregar turismen reisemålet? Siktliner i landskapet. Slitasje på natur og terreng. Støy, lysforureining og trengsel.
  • Juss, politikk og forvaltning: Politiske rammer, kommunale planar og strategiar. Relevante lovverk og handlingsrom. Beredskap.

Dimensjonane skal vurderast både kvar for seg og i samanheng, og dei skal vegast mot lokale, regionale og nasjonale mål.

Det vil vere naturleg å vekte dimensjonane og spørsmåla under kva dimensjon ulikt, ut frå kor aktuelle dei er og i kva grad dei påverkar det enkelte reisemålet.

Dette er all type infrastruktur på reisemålet som har betydning for turismen til og på reisemålet. Dette kan vere vegar, hotell, attraksjonar, jarnbane, hamn, flyplass, med vidare. Føremålet er å få ein god oversikt over samla infrastruktur og kapasitet, sett opp mot dagens og venta framtidig bruk. Infrastruktur kan vere fleksibel eller ikkje. Det er viktig å hugse på at det kanskje ikkje vil vere ønskjeleg eller mogeleg å auke, flytte eller på andre måtar endre den infrastrukturen som ligg til grunn.

  • Kva innfartsårar har reisemålet? Kva vegar fører inn til, eller forbi/nær reisemålet?
  • Har regionen flyplass, og har han også internasjonale ruter?
  • Er det ferjeruter til reisemålet, frå innland eller utland?
  • Er det stor trafikk av turistbussar til og i reisemålet?
  • Er det stor bruk av personbil på reisemålet?
  • Korleis fordeler trafikken seg geografisk på reisemålet i høve sentrum og periferi?
    • Kva er dei mest besøkte attraksjonane, aktivitetane og opplevingane på reisemålet?
    • Er det nokre særskilte stader som skapar opphoping og fortetting, i så tilfelle til kva tider?
    • Kvar er attraksjonar og opplevingstilbod lokalisert på reisemålet?
    • Har reisemålet ein hovudattraksjon som dei fleste tilreisande besøkjer, og kvar er denne lokalisert?
  • Kva er kapasiteten på reisemålet?
    • Hotell
    • Campingplassar
    • Oppstilling for bubil
    • Fritidsbustader
    • Privat innkvartering/kortidsutleige
    • Kor mange stor skip kan hamna ta i mot samtidig?
    • Gjestehamn for mindre båtar
    • Besøkskapasitet for dei ulike attraksjonane på reisemålet
    • Konferansefasilitetar
    • Arrangement fasilitetar
  • Har reisemålet ei hamn som kan ta i mot større eller mindre cruiseskip?
    • Kan det ligge skip på tender på reisemålet?
    • Korleis fordeler desse seg på reisemålet eller andre reisemål i nærleiken?
    • Fører cruisetrafikken på land til utfordringar på reisemålet?
    • Kjem det store grupper med cruisegjester frå andre hamner?
  • Har reisemålet eit sentrum der det meste av overnatting finn stad?
  • I kva grad er omliggande bygder og kommunar brukt til opplevingar med utgangspunkt frå det aktuelle reisemålet?
  • Er det god balanse mellom husvære for fastbuande og einingar for kortidsutleige?
  • Har reisemålet idrettsarena, konferanse- eller konsertarena som medfører større arrangement med mange tilreisande?
  • Er reisemålet dimensjonert for behovet i dag?
    • Offentlege toalett
    • Parkering for besøkande
    • Tømmestasjonar for bubil
    • Vegstandard og kapasitet på vegnettet
  • Er det god kapasitet for taxi og offentleg buss på reisemålet?
  • Er det hurtigladar for el-bil?
  • Er det planar om endring av kapasitet for infrastruktur, som nye vegar, ny hamn, endring i overnattingskapasitet, nye arrangementsarena og nye attraksjonar?
  • I kva grad baserer mogelegheit for utvikling seg på lokal dugnad?
  • Er det pressområde på reisemålet som skapar negative effektar?
  • Er attraksjonar og tilbod knytt til reiselivsaktiviteten universelt utforma?

Dette er ein kartlegging av trafikk til og besøk på reisemålet. Føremålet er å kartlegge besøksvolum, kva type gjestar ein har og korleis besøket fordeler seg på reisemålet. Dette bildet skal ein sjå opp mot dagens kapasitet på reisemålet. 

Ved å vurdere punkta nedanfor kan ein få eit godt bilete av korleis besøkande fordeler seg på reisemålet eller i kommunane rundt og om balansen verkar negativt på ein måte som overskrid toleevna til reisemålet.

  • Kva tid er det høgsesong, og korleis fordeler den samla besøksmengda seg på dagar, månadar og i løpet av året, basert på tilgjengelege data?
  • Kva er graden av kapasitetsutnytting på reisemålet når det gjeld til dømes
    • Vegnettet
    • Overnatting
    • Attraksjonar
    • Ferjer
    • Cruisehamna
    • Gjestebåthamna
  • Kva kjenneteiknar dei besøkande på reisemålet?
    • Korleis kjem dei tilreisande til reisemålet?
    • Kor mange gjestar er dagsbesøkande?
    • Kva er gjennomsnittleg lengde opphald for gjestar til reisemålet?
    • Kva land kjem dei tilreisande frå?
    • Korleis fordeler besøkande seg på ulike buformer/reiseformer?
    • Korleis er fordelinga av samla besøk til reisemålet basert på føremål?
      • Ferje- og fritidstrafikk
      • Kurs- og konferansetrafikk
      • Yrkestrafikk
      • Hytter/fritidsbustader
    • Dersom reisemålet har cruiseturisme:
      • Kor mange cruiseanløp og cruisepassasjerar er det?
      • Er det satt ei grense for talet på anløp eller talet på passasjerar per dag?
      • Kor mange av passasjerane går i land?
      • Korleis fordeler cruisetrafikken seg i tid?
      • Kor mange av dei som går i land deltek på organiserte utflukter?
      • Kor lenge ligg cruiseskipa i hamn?
      • Kor stor er delen av cruisepassasjerar i forhold til samla tal på tilreisande på reisemålet, målt i tal på personar?

Føremålet med å analysere denne dimensjonen er å få fram fakta og kunnskap om korleis reisetrafikken påverkar natur- og kulturressursar i form av slitasje og negativ påverknad og kartlegge kva tilrettelegging som finns. Historiske bygg, kulturminne, kjente museum og samlingar er typiske kulturbaserte opplevingar, medan populære vandreruter, fjelltoppar og verneområde som nasjonalparkar og verdsarvområde er typiske attraktive naturressursar.

  • Har reisemålet oversikt over kvalitetar som kan vere ein ressurs for reiselivet?
    • Materiell- og immateriell kultur og kulturarv
    • Særleg attraktive naturkvalitetar
    • Kulturressursar
    • Kulturhistoriske attraksjonar
    • Urbefolkning og kulturminne knytt til deira kultur og levesett
  • Har kommunen ein plan for ansvarleg formidling, forvaltning og bruk av desse i reiselivssamanheng?
  • Har reisemålet verneområde og har dei besøksstrategiar?
  • Har reisemålet sårbare artar?
  • Medfører besøk til at attraksjonen blir slitt og får redusert verdi?
    • Slitasje på kulturminne eller kulturattraksjonen?
    • Skadar og forstyrring på naturen, som vegetasjon og dyreliv?
    • Opplever ein problem med dronebruk?
    • Irritasjon for fastbuande
  • Skapar reiselivsaktiviteten ved ein attraksjon utfordringar for landbruket?
    • Skadar på kulturlandskapet?
    • Kjem ein i konflikt med beiteområde?
    • Utfordringar for grunneigarar?
  • Er infrastrukturen til og på natur- og kulturattraksjonar kartlagt med tanke på besøket i dag og i framtida?
    • Parkering
    • Er attraksjonen tilgjengeleg med offentleg transport?
    • Er vegnettet eigna for besøket i dag og i framtida?
    • Finns det teljarar på mykje brukte turmål?
    • Toalett
    • Skilting og formidling gjennom heile kundereisa
    • Følgjer ein Merkehandboka?[1]
    • Finns det sårbarheits analyse for utsette natur- og kulturområde?
    • Har ein dialog med grunneigarar eller innbyggarar?
    • Sti- eller fjellvakt (beredskap)
    • Er frivillige organisasjonar involvert i skjøtsel og tilrettelegging?
      • Kva kapasitet har dei i dag og til framtidig besøk?

[1] DNT Merkehandbok for skilting og stibygging

Sosial tolegrense inneheld to perspektiv. Det eine handlar i stor grad om dei fastbuande sin oppfatning av turismen på reisemålet, og korleis det påverkar dei som bur her. Det andre perspektivet handlar om korleis dei besøkande oppfattar reisemålet, om kvaliteten på opplevinga.

Ei innbyggar- og gjesteundersøking er nyttig for å kartlegge synspunkt på reisemålet. Ein kan også arrangere innbyggarmøte eller folkemøte med turismen som tema, for å få fram kva som er oppfatningar og meiningar i lokalmiljøet. Slike undersøkingar vil gi eit bilde av om turisttrafikken er høgare enn kva lokalsamfunnet toler, og som innbyggjarar og tilreisande aksepterer.

  • Gir rapportar og lesarinnlegg i lokal presse og i sosiale medium inntrykk av at omfanget av turismen gir negative konsekvensar?
  • Er turismen i området eit viktig lokalpolitisk tema, og blir det handtert på ein måte som er god for innbyggjarane?
  • Er det pågåande konfliktar som splittar lokalmiljøet?
  • Påverkar reiselivsaktiviteten den frivillige innsatsen på staden i negativ retning?
  • Er utbygginga av hytter og fritidsbustader av ein slik art at det har negativ effekt på lokalmiljøet?
  • Finst det innbyggjarundersøkingar som kartlegg innbyggjarane sine synspunkt på turismen og omfang på aktiviteten?
  • Finst det gjesteundersøkingar for reisemålet?
  • På kva måte har dei fastbuande kontakt eller møtepunkt med turistar, og korleis artar denne kontakten seg?
  • Skapar turismen i regionen utfordringar for urbefolkning på staden?
  • Tar reiselivsnæringa som driv i området omsyn til dei fastbuande sine interesser?

Reiselivsnæringa er ei næring i sterk vekst og vil påverke klima og miljø. All reiseverksemd medfører lokale utslepp, slitasje og utslepp av klimagassar. Målet er å legge til rette for at desse kan reduserast så mykje som mogeleg gjennom ulike tiltak. Føremålet er å få ein oversikt over utslepp frå reiselivsnæringa. Er dei i tråd med lokale, regionale og nasjonale miljø- og klimamål? Toleevneanalysen bør peike på tiltak som kan bidra til å redusere klimagassutslepp og negativ miljøpåverknad.

  • Kan ein hente ut data frå nasjonale eller regionale databasar som viser type utslepp og utsleppskjelder? Til dømes Co2-utslepp på besøkande si reise til/frå og på reisemålet?
  • Kvar kjem gjestane frå (nær- eller fjernmarknader), og kva for transportmiddel brukar dei?
  • I kva grad vert reisemålet marknadsført mot fjernmarknader?
  • Har kommunen etablert målestasjonar og gjennomført lokale målingar for utslepp til luft, land og eventuelt vatn eller sjø som er dokumentert?
  • Er krava i forureiningsforskrifta om lokal luftkvalitet oppfylt?
  • Er det identifisert anna type forureining på reisemålet, som til dømes støy, lys- eller visuell forureining?
  • Er avfallshandtering og forsøpling eit problem knytt til turismen, inklusiv fritidsbustadar?
  • Kor stor del av cruiseanløpa nyttar seg av tilbodet om landstraum?
  • Nyttar hamna EPI (Environmental Port Index) for å minske utslepp frå cruiseskip?
  • Har ein god nok kapasitet på ladestasjonar for bil og skip?
  • Skapar reiselivsaktiviteten utfordringar for økosystema?
    • Erosjon av kystlinjer og fjordane?
    • Utslepp i- og slitasje på fjordane?
    • Framand artar som kjem til regionen ved reiselivsaktivitet?
  • Korleis rangerer kommunen på «naturkampen si rangering»[1] for ivaretaking av natur?
  • Korleis rangerer kommunen på «Norsk Klimamonitor»[2] for kvar klimaendringar vert størst?
  • Er det tilrettelagte kollektivløysingar som gjer det lett for besøkande å ta del i det offentlege transporttilbodet?

[1] https://naturkampen.sabima.no/

[2] https://klimamonitor.no/analysar/kommunerangering-2024

Ei øvre, økonomisk tolegrense er lite relevant å vurdere, men det vil vere relevant å kartlegge kor stor verdiskapinga til reiselivet utgjer og i kva grad verdiskapinga ligg att lokalt. Ei nedre tolegrense er meir tenleg å vurdere, sidan låge inntekter frå turisme vil kunne medføre at færre lokale leverandørar finn det interessant å drive med reiseliv. Føremålet med turisme som næring er med anna at denne skal bidra til høg lokal og regional verdiskaping. Mange reisemål opplever økonomisk lekkasje, og det vil vere ein fordel å få meir kunnskap om kva for segment dette gjeld, og korleis ein kan redusere slike lekkasjar.

  • Kor stor er den lokale verdiskapinga knytt til reiselivsverksemda på reisemålet.
    • Står ho i forhold til eventuelle ulemper?
  • Kor mange lokale arbeidsplassar er knytt til reiselivet lokalt?
    • Sesong- eller heilårlege arbeidsplassar?
  • Kva betyr reiselivsverksemda i form av skattar og avgifter?
    • Kommunale skattar og inntekter?
  • Kva er gjennomsnittleg omsetnad per gjest på reisemålet?
  • Kva er døgnforbruk per gjest etter type overnatting på reisemålet?
    • Fordelt på ulike gjestetypar og overnattingsformer
  • Er det høg bruk av lokale leverandørar knytt til reiselivsaktiviteten?
  • Er det stor økonomisk lekkasje ut av kommunen/reisemålet?
  • Er verdiskapinga sesongbasert eller er han fordelt over heile året?
  • Gir reiseliv som næring positiv økonomisk effekt ut over eige reisemål/kommune?
  • Kva hindrar lokal verdiskaping, til dømes når det gjeld
    • Mangel på arbeidskraft
    • Mangel på husvære
    • Manglande infrastruktur
    • Mangel på entreprenørar og lokale aktørar

Ei visuell tolegrense kan omtalast som eit heilskapleg inntrykk av området. Visuelle miljø kan vere sikt-liner, kvalitet på arkitektur, tilrettelegging eller slitasje i naturen og opplevinga av staden med den aktiviteten som går føre seg. Den visuelle tolegrensa er subjektiv, og undersøkingar blant innbyggarar og gjestar vil gi gode indikasjonar om dette. Hugs at effekten også kan vere positiv, til dømes ved at det blir pynta med blomster, hus bli malte og nye bygg er laga med omtanke for lokal profil og identitet. På den andre sida kan tiltak innført i beste meining vere dårleg forankra med tanke på lokal byggeskikk og tradisjon.

  • Påverkar reiselivsaktiviteten dei visuelle kvalitetane til området sine særeigne trekk?
  • Er det synlege faktorar som er resultat av reiselivet sitt behov eller reiselivsaktiviteten på staden?
    • Sørvisbygg for reiselivet?
    • Suvenirbutikkar i by- og bygdesentrum?
    • Sightseeing-bussar?
    • Store båtar i hamna?
    • Opphoping av gjestar?
    • Bubilparkering eller camping utanfor tilvist plass?
    • Slitasje i naturen?
    • Pynt og dekorasjon av gater og uterom?
    • Anna?

I denne dimensjonen omtalar vi politiske rammevilkår, kommunale og regionale planar som legg føringar for reiseliv som næring og gjeldande lovverk. Kva er kommunen sitt juridiske handlingsrom og korleis blir handlingsrommet nytta? Blir det på nokon måte overskride, slik at ein bryt lover og forskrifter? Det er òg viktig å vurdere om reiselivsaktivitet kan komme i konflikt med lover og forskrifter, eller med kommunen sine eigne målsetjingar. Vidare vurderer ein reisemålet sitt sikkerheits- og beredskapsnivå, og korleis reiselivsnæringa påverkar kommunal og/eller regional beredskap.

Viktige spørsmål å vurdere:

Planar og styring

  • Har kommunen planar for utvikling og handtering av reiselivsaktiviteten?
  • Følgjer kommunen opp eigne planar i praksis?
  • Har kommunen ei fungerande reisemålsleiing?
  • Har reisemålet sett grenser for tal skip og passasjerar i hamn og blir desse grensene respektert?
  • Har reisemålet sett grenser for talet på personar til same tid til same stad?
  • Involverer kommunen eller reisemålsleiinga innbyggarane når ein vurderer effektane av næringsaktiviteten?

Belastning og tilpassing

  • Er den samla belastninga frå reiselivet i tråd med kommunale og regionale mål og avgrensingar, til dømes når det gjeld:
    • Klimagassutslepp
    • Bruk av naturressursar og areal
    • Folkehelse
    • Trafikktryggleik
  • Påverkar reiselivet grunneigarinteresser eller -rettar knytt til bruk av natur og landskap?

Lovverk og handheving

  • Kjenner kommunen til sitt handlingsrom i lovverket, til dømes når det gjeld:
    • Regulering av ferdsel i naturen
    • Regulering av cruiseturisme
    • Korttidsutleige
    • Bruk av forskrifter, avgifter og vederlag
  • Følgjer næringsaktørar lovverket til skatt, løns- og arbeidsforhold, mva, løyve for persontransport, skjenkeløyve?
  • Har kommunen eller andre offentlege aktørar kapasitet til å handheve regelverk, som til dømes:
    • Parkeringsforskrifter
    • Naturmangfaldslova
    • Friluftslova
    • Plan- og bygningslova
  • Sikrar ein at aktivitetane skjer i samsvar med til dømes:
    • Miljøforskrifter og forureiningslova
    • Kulturminnelova
    • Lov om forvaltning av naturmangfald når det gjeld nasjonalparkar, landskap, dyreliv, planteliv og geologiske førekomstar
    • Vegtrafikklova
    • For reisemål som har cruisehamn: Hamne- og farvannslova

Sikkerheit og beredskap

  • Er omsynet til besøkande innarbeidd i kommunen sine beredskapsplanar?
  • Representerer reiselivet aktiviteter som kan medføre fare for liv og helse?
  • Har kommunen eller reisemålet ressursar til å handtere negative hendingar som følgje av turisme?
  • Er reiselivsnæringa ei økonomisk belastning for det offentlege beredskaps- og helseapparatet?
  • Har ein tilgjengeleg statistikk for redningsaksjonar, ulukker og uønskte hendingar?
  • Kva seier klimamonitor om klimarisiko på reisemålet?