Statistikk for reiselivet på Vestlandet
Her finn du dashbord med statistikk for reiselivet på Vestlandet.
Du finn informasjon om kvar dataane kjem frå i dashbordet under fana "Heim" og kjelda til innsitk ligg på kvar figur.
Statistikken er fordelt på fire nivå - Vestlandet, fylke, destinasjon og kommune. På dei tre nivåa fylke, destinasjon og kommune kan du sjølv velje kva for fylke, kva for destinasjon og kva for kommune du ønskjer å sjå data frå.
Du får ei oversiktsvisning når du går inn på ein av dei fire nivåa, deretter kan du velje om du vil sjå nærare på verdiskapinstal, overnattingstal, cruise eller tal frå kortidsutleige på delingsplattformar. Ver merksam på at dei siste verdiskapingstala er frå 2024 og er prisjustert tilbake i tid. Det finns kun overnattingstal for dei største kommunane, dette er på grunn av konfidensialitetskrav som SSB må innfri.
Det er også lagt inn historiske data der vi har dette, slik at du kan velje årstal du er interessert i, samt velje om du ønskjer heilårstal, tal for sommarhalvåret eller for vinterhalvåret.
Dashbordet er utvikla i samarbeid mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal og blir kontinuerleg oppdatert.