Arrangement og tiltak i Vestland – Utvandrarjubileet 2025
Denne oversikta blir kontinuerleg oppdatert etter kvart som nye arrangement kjem til. Følg med på nettsida vår og crossings.no for siste nytt om Utvandrarjubileet 2025 i Vestland.
Emigrantar til Amerika frå gamle Moster kommune
9. april kl. 18:00
Tora Mostrastongveg 2, Mosterhamn
Kulturkveld med fokus på utvandrarar frå gamle Moster kommune. Lokale historier og personlege forteljingar frå migrasjonen til Amerika.
Kulturkveld på One Ocean Week
10. april
Havnerommet, Skoltegrunnskaien, Bergen
Eit arrangement som bind saman hav, migrasjon og kulturarv – del av den større One Ocean Week-feiringa.
Open dag på Utvandringssenteret – "Liv i husa"
24. mai frå kl. 11:30
Levande historieformidling på Vestnorsk Utvandringssenter, med aktivitetar i dei historiske husa og forteljingar om emigrasjon.
Utvandrarfestivalen 4.–6. juli
Vestnorsk Utvandringssenter, Sletta
Ei stor markering av 200-årsjubileet med foredrag, aktivitetar, historieforteljing og konsert med Foreningen for By og Bygd – country og americana på nynorsk.
Dei første som drog: Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet
Del av kulturverndagene
Vestnorsk Utvandringssenter
Formidling av historia om dei første emigrantane som reiste med "Restauration" i 1825.
Foredragsturné med Svein Indrelid – Utvandrerne
Heile 2025
Turné i Vestland fylke
Forfattar og professor i arkeologi Svein Indrelid held foredrag basert på boka Utvandrerne frå 2024.
Fjellkoret framfører "Det løfterike landet"
6. september – Førdehallen, Førde
14. september – Grieghallen, Bergen
Eit musikalsk verk inspirert av utvandringshistoria, framført av Fjellkoret.
Fagseminar: Munnleg historie og migrasjon
Tentativ dato: 14.–15. november 2025
Seminar med fokus på munnleg historie og migrasjon, knytt til Utvandrarjubileet og prosjektet Migrasjonsminne. Arrangementskomiteen ber om forslag til tema og føredragshaldarar.
Podkasten Vågespel
Tilgjengeleg der du høyrer på podkast
Gjennom podkasten Vågespel fortel Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson historia om åtte kvinner som utvandra frå Noreg.
Oppmoding til arrangørar
Vestland fylkeskommune oppmodar alle aktørar som planlegg arrangement i samband med jubileet om å:
-
Registrere arrangement i den nasjonale jubileumskalenderen på crossings.no
-
Kontakte fylkeskommunen for promotering og mogleg samarbeid