Varsel om oppstart av fredingssak for kraftlinja Tyssedal–Odda

Vestland fylkeskommune med dette ny oppstart av fredingssak for kraftlinja frå Tyssedal til Odda, gnr. 62 bnr. 121, m.fl., i Ullensvang kommune, i samsvar med kulturminnelova §§ 15, jf. 22.

Namn: Kraftlinja Tyssedal–Odda (Askeladden ID 338627 m.fl.) 
Kommune: Ullensvang (4618)
Gnr/bnr: 62/121, 74/1, 74/252, 74/265 76/43 
Byggeår: 1907–13
Kart: Det ligg detaljerte kart over kva område som er føreslått freda, lenger nede på sida.

Kart som syner område som er føreslått freda i Odda og Tyssedal i samband med fredingssak om gamle kraftmaster.

Fredingssaka har som mål å bevare dei åtte sjeldne mastene og ivareta opplevinga av kraftlinetraseen som bind saman Odda smelteverk og Tyssedal kraftstasjon. Riksantikvaren har gjeve fylkeskommunen klarsignal til å gå vidare med ei ordinær fredingssak.

Det vart varsla oppstart av fredingssak 15. januar 2025. Oppmåling av mastene viste i ettertid at dei dels ligg utanfor areala det vart varsla oppstart for. Det gjer det naudsynt å varsle ny oppstart. Det er i arbeidet med fredingssaka funne rett å ikkje beslaglegge meir areal enn naudsynt.

Bildekollasj med to bilde. Det til venstre syner doble kraftmaster ved Tyssedal skule, og det til høgre syner kraftmasta i Bispeura mellom Tyssedal og Odda.
Både dei doble kraftmastene ved Tyssedal skule (t.v.) og kraftmasta i Bispeura mellom Tyssedal og Odda er godt synlege landemerke.

Omfanget av fredinga

Det er ikkje aktuelt å frede område kring kulturminna etter § 19. Fredingsforslaget etter § 15 gjeld åtte kraftmaster med fundament. Følgjande gards- og bruksnummer vert berørte av fredingsforslaget:

  • 62/121
  • 74/1
  • 74/252
  • 74/265
  • 76/43

Mastene er plasserte som vist på kart under.

Kraftmast 1 og 2 – Tyssedal (vest for Tyssedal barneskule)

Askeladden ID: 338627

Lokalisering og situasjon

Kraftmast 1 og 2 står vest for Tyssedal barneskule, ytst på platået over Tyssedal kraftstasjon, like nord for parkanlegget og musikkpaviljongen. Masteparet er siste forankringspunkt før kraftlinja går i langt luftspenn sørover mot Tveita.

Kart som syner plassering av kraftmast 1 og 2 i Tyssedal.

Kraftmast 3 og 4 – Tyssedal (ved Tyssedal hotell)

Askeladden ID: 338658

Lokalisering og situasjon

Kraftmast 3 og 4 er lokaliserte like aust for Tyssedal hotell, i den bratte lia mellom Tyssedal kraftstasjon og området ved Lilletopp. Plasseringa markerer overgangen frå kraftverket sitt nærområde til meir eksponert fjellterreng sørover.

Kart som syner plassering av kraftmast 3 og 4 i Tyssedal.

Kraftmast 5 og 6 – Tveitavegen (retningsendring i traseen)

Askeladden ID: 338653

Lokalisering og situasjon

Kraftmast 5 (vest) og 6 (aust) er lokaliserte ved Tveitavegen, der kraftlinja gjer ei markert retningsendring sørover mot Kvitura og Odda. Mastene står i bratt terreng ovanfor Sørfjorden, med ei sentermålt avstand på om lag 6 meter.

Kart som syner plassering av kraftmast 5 og 6 ved Tveitavegen.

Kraftmast 7 og 8 – Kvitura (lange spenn i ekstremtopografi)

Askeladden ID: 338669 og 338674

Lokalisering og situasjon

Kraftmast 7 og 8 er lokaliserte i Kvitura, eit område prega av laus ur, store steinblokker og svært bratt terreng. Traseen krev her lange luftspenn for å sikre tilstrekkeleg klaring over underlaget.

Kart som syner plassering av kraftmast 7 og 8 i Kvitura mellom Odda og Tyssedal.

Grunngjeving for fredingssaka

Ved utbygginga av kraftanlegget i Tyssedal var det ikkje nok areal til å bygge ut fabrikkane i tilknyting til kraftstasjonen. Fabrikkane vart etablert i Odda og det vart bygd ei kraftlinje for å overføre straum frå Tyssedal til Odda. Ei fylje av dette er at det vart bygd to industristadar med ca. 6 km avstand, kobla til kvarandre. I 1907 gav staten løyve til bygging av to kraftledningar med ein spenning opptil 12 kV i den bratte fjellsida langs Sørfjorden mellom Tyssedal og Odda. I den mest rasutsette strekninga vart det anlagt tunnel i fjellet, med muffehus i kvar ende. Muffehusa er tekniske bygninger til å koble saman og beskytte elektriske kablar og ledningar.

Kraftverket i Tyssedal og fabrikkane i Odda var pionerar i vasskraftutbygging og elektrokjemisk industri i Norge. Tysso I var det første kraftverk i Nord-Europa med magasin og med så stor fallhøgde som 400 meter, Odda-fabrikkane var mellom dei første i verda som produserte kunstgjødsel. Cyanamidfabrikken var i 1909 den største i verda, og karbidfabrikken ein av dei største. Kraftledningane frå Tyssedal til Odda var heilt avgjerande bindeledd mellom kraftstasjonen og fabrikkane. Kraftlinja vart avvikla i 1989, etter samanhengande drift sidan 4. mai 1908. Både Tyssedal kraftanlegg og Odda smelteverk er freda, og er mellom dei fremste teknisk-industrielle kulturmiljøa i Noreg. Tyssedal kraftanlegg og Odda smelteverk var i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne fram til 2020. Odda smelteverk har internasjonal kulturminneinteresse.

Kraftmast ved musikkpaviljongen og Tyssedal barneskole.
Kraftmast ved musikkpaviljongen og Tyssedal barneskole. (Foto: Ole Vegard Skauge/Vestland fylkeskommune)

Kraftmastene er mellom dei listeførte kulturminna til NVE, og vert skildra som ein viktig del av Norges industrielle historie med nasjonal kulturminneverdi. Mastene på strekninga Odda-Tyssedal er mellom dei eldste bevarte kraftmastene i landet og er representative for pionerfasen for vasskraftutbygging og kraftkrevjande industri. Dei er dei einaste av sin type, og muffehus 1 og 2 er særeigne i utforming og materiale, med høg autentisitet og kjelde- og opplevingsverdi. Plasseringa i det bratte og rasutsatte landskapet er eit kulturhistorisk vitnesbyrd om samfunnsmessige og politiske forhold med teknologihistorisk karakter, og gjer kraftlinja til eit kjerneelement i Kulturhistorisk landskap av nasjonale interesse – Indre Sørfjorden. Kraftlinja viser den tette koplinga mellom kraftproduksjon og industri og mellom landskap og industri og har nasjonal kulturminneverdi. Tyssedal og Odda si kulturhistorie og teknologihistorie er uløyseleg knytt til kvarandre. 

I dag er dei 8–9 påviste attverande kraftmastene og linjetunnellen i Kvitura med muffehus 1 og 2, samt ei rekke mastefundament utan master, det einaste som kan vise samanhengen mellom Tyssedal og Odda. Tilstandsvurderinga tilseier at mastene bør setjast i stand innan 5 år. Tilstanden til Muffehus 1 og 2 er ikkje kjent.

Kraftlinja vart avvikla i 1989, etter samanhengande drift sidan 4. mai 1908. Hordaland fylkeskommune mellombels freda kraftmastene i 2004. Riksantikvaren oppheva vedtaket i 2005. Ullensvang kommune sitt vedtak i 2005 var eit kompromiss og eit minimumsvern. Den gong heitte det: «Desse mastene er det minste antalet som kan tilrådast dersom ein skal ha dokumentasjon for ettertida og samtidig sjå det visuelt i terrenget kor linja gjekk i terrenget.» 

Utviklingskomiteen i Odda kommune gav 9. november 2005 løyve til riving av linje og 70 master, vernast skulle 16, som den gong var plasserte slik:

  • To master på Smelteverkstomta ved Opo 
  • To master på Ragde ved Opo 
  • To master på Tyssedalsvegen/Bispen 
  • Fire master på Tveitahaugen/Tyssedal hotel 
  • Seks master ved Tyssedal skule 

Mastene vart ikkje nærare kartfesta i saksgangen. 8 av dei 6 bevarte mastene er blitt borte etter Odda kommune sitt vedtak om vern av 16 opphavlege master, og det er no på ny søkt om riving av mastene. Ullensvang kommune har avslått søknaden. Kommunestyret i Ullensvang kommune vedtok i sitt avslag på rivesøknaden av 8. mai 2024 at mastene som står ved Tyssedal skule skal sikrast. Alle mastene har tilstandsgrad 2 og konsekvensgrad 2. Tilstandsvurderinga tilseier at dei bør istandsettast innan 5 år. Tilstanden til Muffehus 1 og 2 er ikkje kjent og avklarast undervegs. Ullensvang kommune påtok seg i sitt vedtak å bidra til sikring av dei 8 mastene saka gjeld, jf. ovafor. Avslaget er påklaga av søkjar og er no til handsaming i Ullensvang kommune. 

Kraftmastene er mellom dei listeførte kulturminna til NVE, og vert skildra som ein viktig del av Norges industrielle historie med nasjonal kulturminneverdi. Kraftlinja er ein av dei 24 utvalte traséane til NVE, og er representativ for tidleg høgspentoverføring i Noreg og pionerfasen i vasskraftutbygginga. Kraftmastene er ikkje lenger i bruk, og fell då utanfor NVE si sektorhandsaming etter kraft- og konsesjonslova. NVE har sterkt oppmoda til at mastene vert bevarte, men viser til at eit formelt vern må skje i form av eit fredingsvedtak etter kulturminnelova.

Historikken tilseier at listeføring og vedtak etter plan- og bygningslova ikkje gjev god nok vern og forvaltning av dette kulturmiljøet. Tap av dei siste mastene vil være eit stort tap av heilskap og kulturmiljøverdi for både Tyssedal kraftanlegg,  Odda smelteverk og kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse Indre Sørfjorden. Kraftmastene og muffehusa som utgjorde den heilt naudsynte kraftlinjetraséen mellom kraftanlegget i Tyssedal og industristaden Odda er den einaste delen av heilskapen nedom Ringedalsdammen som ikkje er freda. Etter førespurnad frå Vestland fylkeskommune har Riksantikvaren slutta seg til at kraftmastene bør fredast. 

Kart som syner KULA-landskapet Indre Sørfjorden, Odda Smelteverk, Tyssedal kraftstasjon og kraftlinja mellom dei markert i lilla.
Kartet syner KULA-landskapet Indre Sørfjorden, Odda smelteverk og Tyssedal kraftstasjon. Kraftlinja er markert med lilla.

Omfanget av freding 

Det er tenkt freda åtte kraftmaster med fundament og trappearrangement der dette finst. Omfanget av master som vurderast freda enkeltvist etter kommunelova § 15 er på eit minimumsnivå, når berre åtte står att etter opphavleg 86. 

Sikring av punktvise, mindre område kring mastene i Tyssedal og Odda etter kommunelova § 19 er ikkje aktuelt. Mastene har alltid stått tett inntil bygningar, plasserte der det høvde slik. Dei åtte gjenverande står ved terrassekantar i landskapet, eller i utilgjengeleg steinur. Det er svært lite truleg at noko vil verte bygd kloss inntil eller mellom mastene på ein slik måte at opplevinga av traséen vert svekka.

Muffehusa er vurdert med formål om å bevare ein eigenarta type kulturminne, heilt eller delvis, som illustrerer korleis kraftlinja mellom to kulturhistorisk og teknologihistorisk framståande teknisk-industrielle kulturmiljø vart framført i eit krevjande landskap. Fredingsformålet er her ikkje avhengig av krav til at tilstandsgrad oppretthaldast eller styrkast. Dei er ikkje påført vesentlege skader i dei 110 åra dei har stått der, men om det skulle kome ras som skader kulturminna, vil også skadde muffehus eller ruinar etter muffehus vere med og formidle samanhengen mellom Odda og Tyssedal.

Kart som syner omtrentleg plassering av muffehus 1 og 2. Mellom dei ligg ein fjelltunnel i det rasfarlege terrenget.
Kartet syner omtrentleg plassering av muffehus 1 og 2. Mellom dei ligg ein fjelltunnel i det rasfarlege terrenget.

Omsynet til tryggleik under arbeid og kostnader tilseier også etter vår vurdering at det ikkje nødvendigvis er eit mål å oppretthalde tilstandsgraden for muffehusa. Muffehusa ligg i utilgjengeleg rasterreng, og er vanskelege å nå til fots eller med maskin. Det er lite som tilseier at dei er truga av tiltak eller kollaps, og ei freding vil vere vanskeleg å forvalte og truleg innebere store kostnader til istandsetting. Det er også vektlagt at det er ein risiko å ferdast i landskapet her. Det er difor ikkje funne riktig å freda muffehusa.

Søndre muffestasjon for kraftoverføringa frå Tysso I, ved Slevåne.
Søndre muffestasjon for kraftoverføringa frå Tysso I, ved Slevåne. Bygd mellom 1909 og 1913. Foto: Peltonman/Wikimedia Commons

Det er heller ikkje aktuelt å frede ei samanhengande strekning frå Tyssedal til Odda, verken etter § 15 eller § 19. Omfanget skildra over er vurdert å vere tilstrekkeleg til å synleggjere dei nasjonale kulturminneverdiane knytt til kraftlinjetraséen, Tyssedal kraftstasjon og Odda smelteverk.

Formålet med fredinga 

Formålet med fredinga av kraftmastene etter § 15 er å bevare ein sjeldan type master frå pionertida i norsk vasskraftutbygging og synleggjere den kulturhistoriske og funksjonelle samanhengen mellom kraftanlegga i Tyssedal og industristaden Odda. Fredinga skal sikre mastene med fundament slik dei framstår, for å synleggjere trasé i 1989. Mastene i Tyssedal og på Tveita viser trasé og retning til Odda, mastene i Kvitura bind saman heilskapen og synleggjerer traséen vidare til Odda. Slik kan samanhengen mellom Tyssedal kraftanlegg og industristaden Odda formidlast.  

Involvering og kartfesting 

Eigar av kraftmastene er AS Tyssefaldene, som er 60 prosent eigd av Statskraft, men mastene står på ulike gards- og bruksnummer:

  • 62/121
  • 74/1
  • 74/252
  • 74/265
  • 76/43

Med bakgrunn i mastene si plassering i terrenget er det førebels ikkje grunn til å tru at mastene utgjer ei hindring for dei fleste grunneigarane langs traseen som heilskap. Vi er gjort kjent med at eigar av Tyssedal hotell har uttrykt uro for mastene nærast hotellet. Fredingsaka skal avklare om istandsetting og antikvarisk akseptable sikringstiltak vil være betryggande nok. Det er ikkje grunn til å tru at mange andre vert påverka av fredingssaka, når kraftlinjekabelen er borte.

Det er fleire partar knytt til riksveg 13 nedom traseen i Kvitura. Det vil bli lagt opp til tilstrekkeleg fleksibilitet i utforminga av fredingssaka til at desse interessene kan sikrast. Det skal ikkje leggjast opp til hindringar for vegmyndet sine interesser.  

Vidare saksgang

I samsvar med lov om kulturminne § 22-1 andre ledd, vil varsel om oppstart av fredingssak bli kunngjort i Bergens Tidende, Hardanger Folkeblad og Norsk Lysingsblad.

Vi ber om at eventuelle merknader til oppstartsvarselet vert sendt til Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen, eller på e-post til post@vlfk.no. Merknader må vere sendt fylkeskommunen innan 5. juni 2026.

Fylkeskommunen utarbeider deretter sjølve fredingsforslaget og legg det ut til offentleg ettersyn. Saman med merknadene som kjem inn, vert det så sendt til Ullensvang kommune for handsaming i kommunestyret. På bakgrunn av høyringsinnspela vert fredingsforslaget eventuelt endra, før fylkeskommunen sender det til Riksantikvaren. Det er Riksantikvaren som fattar det endelege vedtaket om freding.

Vi ber om at kulturminna vert handsama som freda inntil fredningsspørsmålet er avgjort. Vi ber også om at ein tek kontakt med Vestland fylkeskommune dersom ein vil setje i verk tiltak på kulturminna, som vil medføre endringar eller gå ut over vanlig vedlikehald. Fylkeskommunen vil gje råd og rettleiing i slike tilfeller.

I medhald av kulturminnelova § 22 nr. 4 kan kulturminnemyndet fatte vedtak om mellombels freding inntil saka er avgjort dersom dei verdiane fredinga skal ivareta, vurderast som truga.