Varsel om oppstart av fredingssak for Horvei i Voss herad

Vestland fylkeskommune med dette oppstart av fredingssak for Horvei, gnr. 361 bnr. 2, i Voss herad, i samsvar med kulturminnelova §§ 15 og 19.

Huset på Horvei i Voss.
Huset på Horvei vart bygd i 1929 av gardbrukaren og forfattaren Knut Horvei (1893–1984). (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

Omfanget av fredinga

Fredinga omfattar kulturminna og området som er lista opp og merkte av på kartet under. Avgrensinga av omfanget vil bli vurdert i samarbeid med partane saka vedkjem, før det blir utarbeidd eit spesifisert fredingsforslag frå fylkeskommunen. Ei førebels avgrensing er vist på kartet nedanfor.

Freding etter kulturminnelova § 15 omfattar

Namn på objekt Kulturminne-ID Gnr./bnr. Bygnings-nummer Omfang
Bustadhus 342075-3 361/2 174869499 Eksteriør, interiør og større laust inventar
Hage 342075-1 361/2   Hagen kring huset, jf. kartavgrensing

 

Freding etter kulturminnelova § 19 omfattar

For å oppretthalde verknaden av kulturminnet i miljøet og for å verne vitskaplege interesser som knyter seg til det, foreslår vi også ei freding av området rundt kulturminnet jf. kulturminnelova § 19.

Namn på område/objekt Kulturminne-ID Objekt innanfor området Gnr./bnr. Omfang
Jordbrukslandskapet kring tunet 342075-3   361/2 Sjå kartavgrensing

 

Kart som syner føreslått freda område på Horvei i Voss.
På kartet er bustadhuset som er foreslått freda etter kulturminnelova § 15 avgrensa med rosa strek og merka med kulturminne-id 342075-3. Hagen som er foreslått freda etter kulturminnelova § 15 er den oransje delen merka 342075-1. Området som er foreslått freda etter kulturminnelova § 19 er den dempa oransje delen merka med kulturminne-id 342075-2.


Grunngiving for fredinga

Vestland fylkeskommune vurderer huset på Horvei til å vere eit kulturminne av nasjonal interesse. Huset på Horvei vart bygd i 1929 av gardbrukaren og forfattaren Knut Horvei (1893–1984). Horvei var ein av dei produktive bondeforfattarane på Vestlandet og gav ut ei rekkje forteljingar, romanar og skodespel. Målsaka var viktig for Horvei, og han var aktiv i både Vestmannalaget og Vestlandske Mållag. Som dei fleste bondeforfattarane levde han av gardsdrifta. På slutten av 1920-åra bygde Knut Horvei nytt hus på garden. Huset skilde seg sterkt frå den tradisjonelle byggjeskikken i bygda.

Knut Horvei engasjerte venen Magnus Dagestad (1865–1957) til å teikne og utsmykke det nye huset på Horvei. Dagestad var ein del av det same kunstnarmiljøet som Knut Horvei. Dagestad var oppvaksen på Voss og hadde gått i lære hjå treskjeraren Lars Kinsarvik i Kinsarvik. Etter læretida arbeidde Dagestad først i Hardanger og så i Bergen, før han i 1902 etablerte seg på Voss. Han var på denne tida ein dyktig og godt kjend treskjerar, som hadde tett kontakt med Vestlandske kunstindustrimuseum. I 1906 vart Vestlandske kunstindustrimuseum sin treskjerarskule på Voss etablert. Skulen vart lokalisert til Dagestad sin verkstad og med han som styrar. Den dåverande kona til Dagestad, kunsthandverkaren Helena Bu Dagestad, vart også engasjert som lærar ved skulen. Skulen var i drift til 1916 då kunstindustrimuseet la han ned. I 1920 etablerte Dagestad Norsk kunsthandverkskule i samarbeid med Hordaland Ungdomslag. Også denne skulen vart etablert i verkstaden til Dagestad med han som styrar.

I byrjinga av karrieren sin arbeidde Dagestad i drakestil som var svært populær fram til ca. 1905. Dagestad var svært opptatt av norskdomsrørsla og etter kvart fokuserte han på å utvikle ein ny norsk riksstil med utgangspunkt i den gamle bondekulturen og treskjeringstradisjonane i Noreg. I sitt arbeid bryt han med den rådande utviklinga av kunsthandverket og arkitekturen, som etter unionsoppløysinga vart meir internasjonalt orientert.

Samstundes som Dagestad arbeidde som treskjerar teikna han også bustadhus og ungdomslagshus. Då Noregs Ungdomslag gav ut eit hefte om lagshus var ein av dei to typeteikningane som låg ved, teikna av Dagestad. Han vert seinare engasjert til å utforme ei rekkje ungdomslagshus. Av bustadhus er hans eigne hus på Voss, Tintrabakken og Rosereiret, samt huset han teikna for kunstmålaren Lars Osa, og huset på Horvei gode døme på Dagestad sine bustadhus. Der huset på Horvei er eit særs godt bevart døme på dei seine husa til Dagestad, utforma i hans norske riksstil.

Huset på Horvei si hovudform med mange ulike volum og takflater er typisk for Dagestad sine hus. I tillegg har det ei omfattande og heilskapleg utsmykking i eksteriør, interiør og møblement som er spesiallaga for dette huset. Eit særtrekk ved huset er den gjennomgåande bruken av revar og høns i dekoren, noko som heng saman med Knut Horvei sitt virke som bonde og pelsdyroppdrettar.

Huset si utsmykking er typisk for dei seine husa som Dagestad teikna og utsmykka i det han karakteriserte som ein norsk riksstil. Grunna si omfattande utsmykking og særmerkte utforming vert huset på folkemunne omtala som «Slottet». Knut Horvei budde i gardshuset på Horvei og «Slottet» vart i hovudsak nytta til festlege lag. Horvei var ein del av kunstnarmiljøet på Voss, og «Slottet» vart også ein plass der han inviterte dei til å møtast. Han inviterte til blot der venene kunne samlast kring god mat og drøs om kulturelle emne og mangt anna, der det vart lese dikt, sunge og spelt hardingfele.

Noverande eigar overtok huset i 1985 og har sett det i stand som bustad. Istandsetjinga er gjort med stor omsut for huset sine kulturhistoriske verdiar, noko som gjer at det er usedvanleg godt bevart.

Dei nasjonale interessene til huset knyter seg til:

  • Bygningen sett i samanheng med Knut Horvei som ein representant for norskdomsrørsla og bondeforfattarane på Vestlandet.
  • Bygningen med Magnus Dagestad sin gjennomførte komposisjon, i eksteriør, interiør, fargeskjema og møblement, som representerer ei vidareutvikling av norsk folkekunsttradisjon mot ein nasjonal riksstil, i ein periode då nyklassisisme og internasjonale stilretningar dominerte.
  • Huset som eit døme på den høge kvaliteten i handverket utført av Magnus Dagestad og hans elevar ved Norsk kunsthandverkskule på Voss.

Bygningen er usedvanleg godt bevart i både eksteriør, interiør og møblement. Den høge grada av autentisitet gjer at den har ein særs høg kunnskapsverdi knytt til Dagestad sitt virke som både utøvande treskjerar og arkitekt. Der den høge kvaliteten på handverket i treskurden, samspelet mellom treskurd og arkitektur gjev bygningen ein høg estetisk verdi.

Frist for merknad er 1. juli

Merknadar til melding om oppstart av fredingssak skal sendast til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, e-post post@vlfk.no

Vidare saksgang

Etter utløpet av høyringsfristen vil det endelege fredingsforslaget bli utarbeidd i samarbeid med partane saka gjeld.

Forslaget vil deretter bli sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Fredingsforslaget vil bli behandla i kommunestyret før det blir sendt over til Riksantikvaren for endeleg behandling.

Vi ber om at kulturminna blir behandla som freda inntil fredingsspørsmålet er avgjort. Vi ber også om at ein kontaktar Vestland fylkeskommune dersom ein vil sette i verk tiltak på kulturminna som vil medføre endringar eller gå ut over vanleg vedlikehald. Fylkeskommunen vil gi råd og rettleiing i slike tilfelle.

I medhald av kulturminnelova § 22 nr. 4 kan kulturminnemyndigheita gjere vedtak om mellombels freding inntil saka er avgjord, dersom dei verdiane fredinga skal ivareta, vurderast som trua.

For nærmare informasjon om fredingsprosessen viser vi til Riksantikvarens informasjonsark 11.1.1 «Fredingssak frem til vedtak».