Innspel: Nye retningslinjer for sju tilskotsordningar innan kultur og folkehelse

Tretti fylkeskommunale tilskotsordningar som gjeld kultur og folkehelse, skal samlast i sju større ordningar. Frist for å kome med innspel: 27. februar.

Vestland fylkeskommune er i ein prosess med å gjere tilskotsordningar innan kultur og folkehelse enklare og meir oversiktlege. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har derfor vedtatt å legge ut den politiske saka med forslag til retningslinjer for innspel frå aktuelle søkjarar.

De kan sende innspel til utkasta til retningslinjene for ordningane innan 27. februar.

Tilskota blir no delte inn i tre hovudkategoriar:

  1. drift
  2. nyskaping
  3. investering

I dei nye tilskotsordningane vil det framleis vere mogleg å søkje støtte til dei same tiltaka som før, og det samla budsjettet for tilskotsordningane er auka. Føremåla med dei tidlegare ordningane er vidareførte. Samtidig opnar nye og større ordningar for at fleire og meir tverrfaglege tiltak kan få støtte.

Kva ordningar gjeld dette?

Endringane gjeld i hovudsak tilskotsordningar som er finansierte av Vestland fylkeskommune aleine. Fylkeskommunen forvaltar også ein del tilskotsordningar som er finansierte av staten, eller av staten og fylkeskommunen saman. Dette gjeld mellom anna spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og kulturbygg, og ein del ordningar innan kulturarv. Desse held fram som før.

Kva ønskjer vi innspel på?

Du kan kome med innspel til utkasta til retningslinjer, både til det generelle rundt oppsett og inndeling eller til den enkelte tilskotsordning:

Dei sju nye ordningane erstattar desse tidlegare tilskotsordningane.

Kven ønskjer vi innspel frå?

Alle kan kome med innspel, men informasjon om det offentlege ettersynet er sendt ut spesifikt til

  • kommunane i Vestland
  • organisasjonar som har søkt om driftstilskot frå fylkeskommunen

Frist for innsending av innspel

Innspel må sendast seinast 27. februar.

Saka skal handsamast i hovudutval for kultur, idrett og inkludering 11.mars.

Vegen vidare

Her er tidslinja for arbeidet med tilskotsforvaltninga vidare:

  • Februar 2026: ettersyn fram til 27.02
  • Mars 2026: vedtak og kunngjering av nye retningslinjer
  • Vår 2026: testing av nye rutinar
  • Løpande i 2026: erfaringspanel med søkarar, dialog om funksjon og innretting, evaluering og justering
  • 2027: full implementering og lansering av nasjonal tilskotsportal

Erstattar 30 tidlegare ordningar

Dei sju nye tilskotsordningane erstattar desse tidlegare tilskotsordningane:

  • Driftstilskot – kultur, idrett og inkludering
  • Tilskot til drift av regionale barne- og ungdomsorganisasjonar
  • Tilskot til vaksenopplæring
  • Tilskot til regionale ungdomsparti
  • Driftstilskot til regionale og nasjonale kulturminne i Vestland

Desse fem ordningane er no samla i Driftstilskot til kultur og folkehelse.

  • Regionalt kulturfond Vestland 
  • Prosjekt og tiltak – profesjonell
  • Prosjekt og tiltak - frivillig
  • Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i folkebiblioteka
  • Den kulturelle spaserstokken
  • Kulturelt utviklingsprogram (KUP)
  • Regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar

Desse sju ordningane er no samla i Regionalt kulturfond Vestland.

  • Tilskot til ABC for god psykisk helse
  • Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak
  • Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge, unge vaksne og eldre

Desse tre tilskota er no samla i Tilskot til livskvalitet og sosial utjamning.

  • Tilskot til ro og padleruter
  • Tilskot til etablering av nye friluftsråd
  • Tilskot til plan for friluftslivets ferdselsårer

Desse tre tilskota er no samla i Tilskot til kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv.

  • Utviklingsstipend til idrettsutøvarar
  • Utviklingsstipend til e-sportutøvarar
  • Nynorskstipend
  • Kunstnarstipend
  • Folkemusikkstipend
  • Utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Desse seks stipenda er no samla i Stipend kultur og folkehelse.

  • Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
  • Tilskot til verna kulturminne
  • Museumsløft
  • Tilskot til arenautvikling folkebibliotek

Desse fire tilskota er no samla i Investeringstilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar.

  • Investeringstilskot til anlegg der ein kan arrangere større nasjonale og internasjonale meisterskap
  • Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap

Desse to tilskota er no samla i Tilskot til nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og arenaer.