Leselyst med dei minste

Leselyst med dei minste er eit satsingsområde for Vestland fylkeskommune. Saman med folkebiblioteka arbeidar vi med å utarbeide gode metodar og læremåtar for korleis bibliotekarar kan engasjere leselysten i den yngste delen av befolkninga.

Satsinga skal bidra til meir samarbeid på tvers, der barnehage, bibliotek, helsestasjon og andre organisasjonar dannar eit samla lag rundt barna og foreldra om lesing.

Utgangspunktet for satsinga fram til 2030 er leselyststrategien. Den har som hovudmål at:

  • Alle barn og unge skal få gode leseferdigheiter som grunnlag for glede, meistring, livslang læring og deltaking i arbeids- og samfunnslivet.  
  • Alle barn og unge skal få gode leseopplevingar gjennom eit mangfaldig litteraturtilbod og god litteraturformidling. 

For å nå desse måla må litteratur vere tilgjengeleg og den må bli formidla. Strategien set fokus på biblioteka si rolle for auka leselyst for barn og unge, og vektlegg viktigheita av samarbeid omkring leselysttiltak. Dette følgjer Vestland fylkeskommune opp med denne satsinga.

Kva kan fylkeskommunen tilby?

Vestland fylkeskommune tilbyr bibliotekfagleg rådgjeving og kompetansehevande tiltak innan tema leselyst, litteraturformidling og samarbeid. Det kan t.d. vere: 

  • Deltaking på samarbeidsmøte i kommunane mellom folkebibliotek og barnehage/opplæringssektor  
  • Litteraturformidlingskurs og støtte i utvikling av tiltak
  • Rådgiving og rettleiing om samarbeidsavtaler mellom folkebibliotek og barnehage/opplæringssektor i den einskilde kommune  
  • Arrangere regionale møte om samarbeid mellom bibliotek og barnehage/opplæringssektor 

Eit av tiltaka er ei ny tilskotsordning for samarbeid mellom barnehagar og bibliotek. Midlane skal gå til å sikre betre tilgang til litteratur for barnehagebarn.  

Prosjekt Leselyst med dei minste – aktiv formidling i Vestland 

Biblioteka i Vestland er involvert i det pågåande prosjektet Leselyst med dei minste – aktiv formidling i Vestland. Prosjektet er finansiert av Nasjonalbiblioteket og er koordinert av Vestland fylkeskommune, der 22 kommunar i Vestland deltek i prosjektet.

Vestland fylkeskommune vil arbeide vidare med satsinga på leselyst, og etablere fleire varige strukturar for samarbeid i satsingsperioden for leselyststrategien (2024-2030).