Temaplan for privatarkiv i Vestland

Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025–2029 er ein overordna og strategisk plan. Den skal sikre at privatarkiva bidreg til ein samla samfunnsdokumentasjon, og vise veg og retning dei neste fire åra for alle som arbeider med vern av privatarkiv i Vestland.

​Temaplan for privatarkiv​

​Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025–2029 er ein overordna og strategisk plan. Den skal sikre at privatarkiva bidreg til ein samla samfunnsdokumentasjon, og vise veg og retning dei neste fire åra for alle som arbeider med vern av privatarkiv i Vestland.​

Ei referansegruppe har kome med råd og innspel i planprosessen. Gruppa har hatt representantar frå Kraftmuseet, Universitetsbiblioteket i Bergen/Skeivt arkiv, Museum Vest, IKA Hordaland og ArkiVest. Fylkesutvalet la temaplanen ut på høyring 5. mars, og den vart vedteken av fylkestinget 17.06.2025.​

Mål og satsingar​

​Temaplanen lyfter fram ein visjon om «eit folkearkiv i Vestland» og set som mål «å demokratisere arkiva».​

Tre satsingsområde stakar ut kursen: 1) Alle skal ha tilgjenge til kunnskapen privatarkiva rommar; 2) Privatarkiva skal bidra til ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon i Vestland; og 3) Vestland skal vere ein leiande region for vern av privatarkiv.​

Samarbeid og kunnskap​

​Vestland skal vere ein leiande region for vern av privatarkiv. Målsetnaden er avhengig av samkøyring og samhandling mellom bevaringsinstitusjonane, men også i sivilsamfunnet, i det offentlege og i næringslivet finst det sterke krefter som vil vere med og byggje nyttige tenester som sikrar samfunnsutvikling og innbyggjarane sine levekår.​

Temaplanen bygger på eit omfattande kunnskapsgrunnlag. Det arkivfaglege kunnskapsgrunnlaget er ein bevaringsanalyse utforma som ein bevaringsplan for privatarkiv.