Finn fram i det digitale fylkesarkivet vårt

Her finn du rettleiing til korleis du kan finne fram i det digitale fylkesarkivet.

det digitale fylkesarkivet finn du historiske foto, musikk, brev og audiovisuelt arkivmateriale. Når du søker i det digitale fylkesarkivet, søkjer du på tvers av kjeldetypane som er tilgjengeleg i tenesta. Til dømes kan du finne både foto og komposisjonar av ein folkemusikar, med eitt søk. For at du lettast mogeleg skal kunne orientere deg i dette samsøket, har vi laga ein rettleiar som du kan laste ned og bruke.

Bestill foto frå arkiva

Send inn bestillingar på foto frå det digitale fylkesarkivet med dette skjemaet. Her legg du inn informasjon om kva bilete du vil bestille og kva du skal bruke det til, og sender inn. Leveringstid er inntil 3 veker frå bestillingsdato. Hastelevering kan utførast etter avtale innan 2 verkedagar. Sjå under for informasjon om prisar og vilkår ved bestilling.

Merk at me vil vurdere om enkeltbilete kan bestillast til det oppgitte føremålet. Dersom eit bilete ikkje kan brukast av ulike grunnar, vil me informere om dette så snart som mogeleg og innan tre veker. Ver god og send inn bestillinga di i god tid, for å vere sikker på at du får bileta tidsnok.

Send inn opplysningar om foto frå arkiva

Vi set stor pris på å få rettingar og nye opplysningar til bileta i det digitale fylkesarkivet. Alle innsendte opplysningar vert lagra og lese av oss, og vi nyttar opplysningane til å rette opp i bilettekstane der det er teneleg. Send inn opplysningar med dette skjemaet

Spørsmål om arkiva våre

Har du andre spørsmål til arkiva våre, eller leitar du etter noko  spesielt? Kontakt oss på telefon eller e-post.