Ledig fast stilling som IKT‑arkivar

Kommunearkivordninga er på jakt etter ein medarbeidar med god IKT-forståing som vil arbeide praktisk med mottak, kvalitetssikring og bevaring av elektronisk skapte arkiv.

Om stillinga

Kommunearkivordninga v/Vestland fylkeskommune, har ledig fast stilling som IKT-arkivar på Leikanger. Den som vert tilsett kjem til å ha ansvar for mottak, sikring og tilgjengeleggjering av elektroniske arkiv i digitalt depot.

Arbeidsoppgåvene omfattar teknisk arbeid med databasar, metadata og format, samt planlegging og kvalitetssikring av arkivuttrekk frå kommunale system. Stillinga krev òg tett samarbeid med kommunar, IT-miljø og leverandørar, og inkluderer rådgjeving og vidareutvikling av rutinar og tekniske løysingar.

Stillinga ligg i skjeringspunktet mellom arkiv og IT, og passar for deg som trivst med system, data, feilsøking og tekniske problemstillingar. 

Søknadsfrist er 14. juni. Les meir om og søk på stillinga i webcruiter.

Om oss

Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) er eit interkommunalt arkivsamarbeid som leverer depottenester for papirbaserte og elektroniske arkiv, samt rådgjeving og tenester innan arkivordning, digitalisering og tilgjengeleggjering for kommunane i samarbeidet.

Kommunearkivordninga er ein av to fageiningar i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune. Det er tett samarbeid på tvers av einingane, særleg innan depot, system, digital tilgjengeleggjering og fagleg utviklingsarbeid.