Sommarjobb i arkivet – vi søker to ferievikarar til Leikanger

Vi lyser no ut to sommarjobbar i arkivet på Leikanger sommaren 2026. Stillingane gir ei god moglegheit til å få praktisk arbeidserfaring og innblikk i offentleg forvaltning.

Foto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Foto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Vi søkjer:

  • ein ferievikar under 18 år
  • ein ferievikar over 18 år (med førarkort) 

Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna rydding, sortering og klargjering av papirarkiv, registrering, digitalisering og anna praktisk arkivarbeid. Arbeidsplass er på fylkeshuset på Leikanger, men noko arbeid vil kanskje også føregå i det nye arkivbygget i Njøsavegen. 

Søknadsfrist: 22. april 2026
Arbeidsstad: Leikanger
Varigheit: Mellom 3 og 8 veker innanfor den aktuelle perioden
Periode: 22. juni – 14. august 2026

Kommunearkivordninga i Vestland tek vare på viktige arkiv frå kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og ferievikarane vil bli ein del av eit fagmiljø med god opplæring og tett oppfølging.

Vil du bidra til å ta vare på felles historia vår – og samstundes få verdifull arbeidserfaring i sommar? Då oppmodar vi deg til å søkje.

Gå til søknadsskjema.

Dronefoto av arkivbygget i Hagane på Leikanger.
Det nye arkivbygget ligg i Hagane på Leikanger i Sogndal kommune. Det er eit hovudmagasin med kapasitet på 20 000 hyllemeter, i tillegg til spesialmagasin for foto, lyd og film med fleire klimasoner. På austsida av bygget er det lagt til rette for ei eventuell framtidig utviding av bygget, om det blir behov for det. (Foto: Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune)