Er du på jakt etter skanna protokollar?

Digitaliserte protokollar, som til dømes møtebøker etter formannskap/kommunestyre, skulestyre og skulearkiv frå finn du på Digitalarkivet.

På Digitalarkivet kan du fritt bla digitalt i alle protokollar som er eldre enn 100 år. Materiale yngre enn 100 år ligg ikkje fritt tilgjengeleg på nett, men det betyr ikkje at du ikkje kan få tilgang. Det betyr berre at vi må gjere ei vurdering før vi gir tilgang. Dersom du ikkje finn det du leitar etter kan du ta kontakt, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. 

Opprett brukar på Digitalarkivet og be om lesetilgang

For å få tilgang til sperra materiale på Digitalarkivet, må du sjølv registrere deg og opprette ein brukarkonto. Dette gjer du her -  hugs å aktivere brukarkontoen!

Dersom du vil ha tilgang til noko som er publisert av "Fylkesarkivet i Vestland" på Digitalarkivet, kommunalt eller privat, så er det Vestland fylkeskommune du skal ta kontakt med. Det gjer du ved å sende ein e-post til post@vlfk.no. Skriv gjerne «Tilgang til Digitalarkivet» i emnefeltet på e-posten, og spesifiser kva du ønskjer tilgang til.

Når du ber oss om å få tilgang til materiale som er sperra på Digitalarkivet vil vi be deg om å fylle ut og sende oss brukarfråsegn for bruk av arkivmateriale frå Fylkesarkivet i Vestland.

Dersom du vil ha tilgang til noko som andre arkivinstitusjonar har publisert, som til dømes statlege arkiv frå Statsarkivet i Bergen, kommunale arkiv frå Bergen byarkiv eller IKA Hordaland, så må du kontakte desse institusjonane.

Korleis søke på Digitalarkivet

Når du skal leite etter digitalt tilgjengelege arkiv på digitalarkivet.no kan du gå inn via den boksen som no heiter «Skanna materiale». Her ligg eldre arkiv som har vorte digitalisert. Her kan du så klikke deg vidare enten gjennom «Bla i skanna arkiv» eller ved å klikke på eit av emna på høgre side:

Det neste du kjem til då er ei søkeside der du kan søke på «Oppbevaringssted» - det vil i vårt tilfelle vere Fylkesarkivet i Vestland – og andre data som kommune, år, type arkiv, emne med meir. Her vil ein finne både offentlege og private kjelder.

Er du på jakt etter kommunale arkiv, kan du spesifisere søk ved å legge til emneknaggen “kommunale arkiv”  i søket. Her kan du og mellom anna spesifisere kva kommune du ønskjer å sjå arkivmateriale frå.