Forsøksordning

Her finn de informasjon om prosessen rundt deltaking i forsøksordning om administrativt vertskommunesamarbeid på tvers av forvaltningsnivå på fagområdet eldre og avslutta arkiv.

Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) ønskjer å delta i eit forsøk om administrativt vertskommunesamarbeid på tvers av forvaltningsnivå. Målet med dette forsøket vil vere å organisere gjeldande arkivsamarbeid som eit vertskommunesamarbeid i staden for eit kommunalt oppgåvefellesskap. Forsøket handlar om å prøve ut ei enklare organisasjonsform, altså ei administrativ justering av det pågåande samarbeidet. Det vil ikkje påverke ansvaret kommunane har for sine eigne arkiv.

Representantskapet og styret har vurdert det som fornuftig å søke om deltaking i forsøksordninga. Dette er vedtaket som vart fatta i representantskapsmøte 7. mars:

  1. Kommunearkivordninga i Vestland ønskjer å delta i forsøksordning om administrativt vertskommunesamarbeid på tvers av forvaltningsnivåa, med Vestland fylkeskommune som vertskommune, på fagområdet eldre og avslutta arkiv.
  2. Vertskommunesamarbeidet skal i forsøksperioden erstatte det kommunale oppgåvefellesskapet, Kommunearkivordninga i Vestland KO, og den organisatoriske endringa vil ikkje endre dei økonomiske rammene eller tenestetilbodet til kommunane.
  3. Kommunearkivordninga i Vestland stiller seg positive til å søke Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) om å delta i forsøkskommuneordninga i inntil fire år.

Ein føresetnad for forsøkskommuneordninga er at kvar enkelt kommune og fylkeskommune som er deltakar i KAV, vedtek forskrifta og søknaden til Kommunal- og distriktsdepartementet i kommunestyre eller fylkesting.

Tilsette og andre som forsøket får konsekvensar for skal ha sjansen til å uttale seg om forsøket før det vert gjort vedtak i kommunestyret eller fylkestinget (jf. forvaltningsloven § 37). Kommunane fekk i oppdrag å legge til rette for innspel, enten gjennom høyring eller ved å hente inn innspel direkte eller på annan måte, og sende tilbakemelding seinast innan utgangen av september. 

Høyring i kommunane