Prosjektverkstad
Har du ein forskingsidé? Planlegg du, eller har du allereie starta ein innovasjonsprosess for å utvikle nye produkt, tenester eller prosessar der forsking kan bidra?
Prosjektverkstad er for deg som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forsknings- og innovasjonsprosjekt i næringslivet og offentleg sektor. Dette er nyttig når du skal søkje FORREGION, Forskingsfinansiering Vestland, Forskingsrådet eller Horisont Europa om støtte. Det passer også for deg som skal søkje kompetanse- og samarbeidsprosjekt.
Målgruppa er bedrifter og offentleg sektor i Vestland og deira forskingspartnarar.
Verkstaden har ein kursdel og tilbod om individuell samtale med rådgivar etterpå.
Arrangørar er Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking og KS.
Program:
12.00 – Finansieringsmoglegheiter (valfritt)
Kort gjennomgang av aktuelle støtteordningar. Deltakarar kan velje å hoppe over denne delen og møte direkte til prosjekteverkstaden.
12.30–13.30 – Prosjekteverkstad
- Introduksjon til tema
- Gjennomgang av prosjektkanvas som verktøy for idé- og prosjektutvikling
- Pause
- Felles diskusjon
13.30–14.00 – Prosjektstruktur
Kort innføring i korleis ein kan strukturere prosjekt og kva som blir vektlagt i vurderingar.
14.00–14.30 – Oppsummering og spørsmål
14.30 – Individuelle møte med kompetansemeklar/rådgivar (valfritt)
Moglegheit for ein-til-ein‑rettleiing for dei som ønskjer det.