Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta.
Til denne samlinga har vi fått med oss Endre Buanes frå Bergen kommune. Han er born og unge sin representant i plansaker og SLT-koordinator (Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsforebyggende Tiltak). Endre vil snakke om tryggleik og kriminalitetsførebygging i by- og stadutvikling og her med særskilt fokus på ungdom.
Kari Olrich Sørebø kjem og for å fortelje om sine erfaringar. Ho er landskapsarkitekt i Opus og særskilt oppteken av emnet i sitt arbeid med by- og stadutvikling.
Ta kontakt
Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.