Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen

Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.

Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta. 

Hald av datoen inntil vidare, så kjem vi tilbake til tema for møtet 5. mai, så snart dette er avklart. 

Ta kontakt

Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.

Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.

Les meir om nettverket for by- og stadutvikling.