Lokalhistorisk webinar 2026: Heimen og samfunnet

Vestland fylkeskommune inviterer til årets utgåve av lokalhistorisk webinar. Tema for årets webinar er «Heimen og samfunnet».

Korleis speglar heimeliv, familie og kvardagskultur samfunnet rundt oss? Kva har teknologiutvikling, kjønnsroller og frivilligheit hatt å seia for samfunnshistoria i Noreg?
 
Webinaret rettar seg mot lokalhistorieinteresserte og tilsette ved arkiv-, bibliotek og museum.
 
Webinaret finn stad på Teams. Du må melde deg på for å få tilsendt lenke til arrangementet. Vi sender ut lenka dagen før webinaret.
 

Årets program

10.00: Velkomen, ved Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune
10.05: Øystein Skår. Fangstanlegg og utmarksressurser i fjellet i jernalder.
10.30: Bergen Kringkaster med spennende innlegg om radiohistorie og beredskap.
10.55: Beinstrekk
11.05: Torbjørn Bergwitz Lauen. Dei frilynde ungdomslaga fram mot 1920-talet.
11.30: Torunn Vinje om garden Ormelid i Luster.
11.55: Lønsj
12.20: Agnes Brudvik Engeset om heimeyrke og då turismen kom til Sogn
12.45: Informasjon om det digitale fylkesarkivet.