Digitalt kurs i analyse av klimarisiko i kommunen – del 1
Vestland fylkeskommune har utarbeide eit verktøy og ein rettleiar for å kartlegge og analysere klimarisiko i kommunen.
No inviterer vi kommunane i fylket til eit digitalt kurs i bruk av Excel-verktøyet for klimarisikoanalyse og den tilhøyrande rettleiaren. Det blir eit tredelt kurs, med økter kl. 9–10.30 desse dagane:
- 13. mai – meld deg på økta 13. mai
- 21. mai – meld deg på økta 21. mai
- 26. mai – meld deg på økta 26. mai
Det er ein fordel å delta på alle tre øktene, men det er òg mogleg å delta på enkeltøkter.
Målgrupper
Kurset er for den/dei i kommunen som skal utføre analysen og treng opplæring i verktøyet. I kurset tek du utgangspunkt i din eigen kommune, men det vil krevje meir tid enn sjølve kurset å utføre heile analysen. Det vil bli relevant å involvere andre fagfolk i kommunen undervegs i analysen, men dei treng ikkje vere med på dette kurset.
Verktøyet til å analysere klimarisiko er retta mot kommunar og kommunalt tilsette som jobbar med plan, klima, beredskap og samfunnsutvikling.
Innhald
Kursa gir ei praktisk innføring korleis kommunane kan ta i bruk verktøyet for å kartleggje og analysere klimarisiko i kommunen. Dette er viktig som kunnskapsgrunnlag for planlegging, prioriteringar og langsiktig samfunnsutvikling i kommunen
Kurset er for den/dei i kommunen som skal utføre analysen og treng opplæring i verktøyet. I kurset vil du ta utgangspunkt i din eigen kommune. Det vil krevje meir tid ut over kurset å utføre heile analysen, og det vil vere relevant å involvere andre fagfolk i kommunen undervegs i arbeidet.
I løpet av tre digitale økter går vi gjennom
- kva klimarisiko er, og kvifor det er relevant for kommunal verksemd
- korleis analysere fysisk klimarisiko, overgangsrisiko og grenseoverskridande klimarisiko
- steg-for-steg bruk av Excel-verktøyet og rettleiaren
- tips til organisering av arbeidet og involvering på tvers av fagområde og sikre bruk av analysen i kommunen