Kan du faget ditt? Då kan du bli lærar – slik som Finn

Finn hadde fagbrev og lang erfaring frå arbeidslivet. Då han fekk høyre at han kunne bli lærar, tok han sjansen. I dette intervjuet fortel han om kvardagen som yrkesfaglærar – og kvifor fleire bør vurdere det same.

Aldri før har så mange unge søkt seg inn på yrkesfag i dei vidaregåande skulene i Vestland. Dei treng fleire motiverte og engasjerte lærarar.

Etter mange år med arbeid ute i all slags vêr tok Finn Ian Dahl eit modig val. Møt fagarbeidaren som blei lærar på Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule.

– Kva motiverte deg til å bli yrkesfaglærar?

– For meg var det ein prosess som tok fleire år. Eg klarte ikkje å sjå meg sjølv som lærar, men til slutt bestemte eg meg for å søkje på ein ledig stilling. No følar eg meg heldig som fekk moglegheita til å bli lærar. 

– Kan du beskrive arbeidskvardagen din som lærar?

– Som kontaktlærar går vekene fort. Arbeidsdagane kan vere hektiske, men dei er også veldig givande. Elevane skal lære mykje på kort tid, så godt forarbeid gjer kvardagen enklare for både læraren og elevane.

– Korleis vil du seie utdanningsløpet er?

– Hausten 2024 begynte eg på den treårige yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet i Lillestrøm. Dette er eit obligatorisk krav for å bli lærar, og er eit fulltidsstudie ved sidan av jobben. Utdanninga gir meg nyttig kompetanse som er viktig for å undervise på ein god fagleg og pedagogisk måte. Studiet krev mykje, men med god planlegging går det bra. 

– Korleis er det å jobbe med elevar og ungdom?

– Å jobbe med ungdom gir meg mykje. Eg får gi elevane råd og rettleiing, følgje utviklinga deira og sjå at dei lukkast.

– Kva er ditt beste råd til dei som vurderer å bli yrkesfaglærar?

– Ikkje nøl - berre søk! Du vil få all den støtta og hjelpa du treng undervegs frå gode kollegaer. Ein ekstra bonus å tenkje på er at du får lang sommerferie!