Frå fagarbeidar til lærar? Ja, det kan du!
Har du fagbrev og erfaring frå arbeidslivet? Del kunnskapen din og få ein meiningsfull jobb – med full løn under utdanning!
Sjå våre ledige stillingar her
- Anleggsteknikk, Os vidaregåande skule. Søknadsfrist: 10. august.
- Matros/skipper, maritime fag, Austevoll vidaregåande skule. Søknadsfrist: 13. august.
- Bygg- og anleggsteknikk, Sotra vidraregåande skule. Søknadsfrist: 14. august.
- Teknologi- og industrifag, Sotra vidaregåande skule. Søknadsfrist: 20. august.
- Teknologi- og industrifag, Austevoll vidaregåande skule. Søknadsfrist: 20. august.
Aldri før har så mange unge søkt seg inn på yrkesfag i dei vidaregåande skulene i Vestland. Dei treng fleire motiverte og engasjerte lærarar.
Kva er ein yrkesfaglærar?
Ein yrkesfaglærar underviser elevar på vidaregåande skular innan sitt fagområde. Dette kan vere byggfag, elektro, helse og oppvekst, resturant og matfag, og mange fleire.
Du treng ikkje vere lærar frå før. Har du fagbrev og arbeidserfaring, er du godt på veg, og du kan ta den pedagogiske utdanninga mens du jobbar, med full løn
Derfor bør du vurdere å bli yrkesfaglærar
- Du får bruke faget ditt kvar dag.
- Du gjer ein forskjell for ungdom.
- Det er stort behov for yrkesfaglærarar i Vestland no.
- Du får ny inspirasjon og utviklar deg fagleg og personleg.
- Du kan bidra til å styrke rekrutteringa til faget ditt.
- Du får full løn under utdanning.
Kven kan bli yrkesfaglærar?
- Du har fagbrev (eller tilsvarande).
- Du har relevant arbeidserfaring.
- Du liker å jobbe med ungdom og dele kunnskap.
Utdanninga kan du ta fleire stadar i Noreg. Sjå utdanningar og stadar på utdanning.no
– Eg visste ikkje at eg kunne bli lærar
Finn hadde jobba med faget sitt i mange år før han fekk høyre at han kunne bli yrkesfaglærar. No underviser han i teknologi- og industrifag på vidaregåande, og stortrivst i den nye rolla.
– Å jobbe med ungdom gir meg mykje. Eg får gi elevane råd og rettleiing, følgje utviklinga deira og sjå at dei lukkast, seier han.
Les intervjuet med Finn og sjå korleis han tok steget.