Om Fagveg

Prosjektet Fagveg organiserer samarbeidet mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune, med eit felles mål om å utdanne fleire vaksne fagarbeidarar.

Behovet for faglært arbeidskraft i ein rekkje bransjar er i dag stort. Statistisk sentralbyrå anslår at Noreg i 2035 vil mangle 90 000 fagarbeidarar. Samtidig står mange utanfor arbeid og utdanning.

I 2025 hadde Vestland ca. 385 000 innbyggjarar i aldersgruppa 19–65 år.

Om lag 77 000 (20 prosent) var desse var  i utanforskap, verken i utdanning eller arbeid.

Vi koplar arbeidssøkarar med bedrifter

Gjennom Fagveg jobbar vi saman for å koble dei som i dag står utanfor arbeid og utdanning eller har ein svak knyting til arbeidslivet med bransjar med store rekrutteringsbehov.  For å dekke dei ulike bransjanes behov for faglært arbeidskraft, treng ein alle som kan og ønskjer i arbeid.

Vi vet at kvalifisering og utdanning er viktige faktorar for at den enkelte skal få ei varig tilknyting til arbeidslivet. For den som er i eit utanforskap, kan det å kome inn i eit kvalifiseringsløp og etter kvart få ein jobb, bety ein stor forbetring i livskvalitet!

Samhandlingsstruktur for å tette gap

I 2023 lyste Arbeids- og inkluderingsdepartementet ut midlar til eit forsøk som skal stimulere til tettare samarbeid mellom Nav og fylkeskommunen om tilrettelagt fag- og yrkesopplæring for ledige og personar med nedsett arbeidsevne. Nav Vestland og Vestland fylkeskommune, søkte  om midlar til å saman utvikle nye samhandlingsstrukturar, etter inspirasjon frå Trøndelagsmodellen. Dette prosjektet har vidare utvikla seg til det vi kallar Fagveg.

Prosjektet i seg sjølv varer 2026.

Målet er at vi då har etablert varige samhandlingsstrukturar, og at vi med metodikken kan fortsette å tette gapet mellom dei som i dag er i utanforskap og næringslivets store behov for faglært arbeidskraft.

Både for arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar

Vi har to hovudmålgrupper i samhandlinga: arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar.

For å vere med i Fagveg, må arbeidsgivar ha eit faktisk behov for faglærde medarbeidarar, og kunne vise til ønskja kompetanse. Bedrifta må òg vere godkjent lærebedrift, eller ha planar om å bli det.

Ønsker du å bli lærebedrift, kan du sende søknad til Vestland fylkeskommune,  sjå Lærebedrift - Vestland fylkeskommune.

Det er og viktig at bedrifta har kapasitet og vilje til å følgje opp deltakarane, og skape gode rammer for opplæring i praksis.

Kven kan bli med i Fagveg?

Personar som er registrerte som arbeidssøkjarar hos Nav, og/eller som ønskjer å starte vidaregåande opplæring som vaksne, kan vere aktuelle for Fagveg.

Du har ein lovfesta rett til å få tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne dersom du oppfyller desse krava:

  • du er over 19 år
  • du har lovleg opphald i Noreg
  • du har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • og du har ikkje fullført vidaregåande eller har behov for ei yrkesfagleg rekvalifisering.

Om du ikkje skulle ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du likevel få eit tilbod gjennom Fagveg om du er registrert som arbeidssøkjar i Nav. 

Er du allereie i arbeid?

Du som alt jobbar eller er knytt til ei bedrift på anna måte, til dømes gjennom praksis, deltidsarbeid eller er mellombels tilsett, kan òg vere aktuell for Fagveg.

Dette er ei målgruppe som lett vert påverka av ressursbehov i bedrifta, og er ofte dei første som må gå under nedbemanning. Dei stillar svakare på arbeidsmarknaden om kontakten med ei bedrift vert broten fordi dei ikkje er faglærde. Vegen til eit utanforskap er difor kort.