Slik kan bedrifter få faglært arbeidskraft

Fagveg er eit samarbeid mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune som gjer det enklare for bedrifter å få faglært arbeidskraft.

Gjennom fagveg vil bedrifta få kontakt med aktuelle kandidatar som ønskjer seg jobb, men kanskje manglar formelle kvalifikasjonar. Fagveg kan også legge til rette for at tilsette med svakare tilknyting til bedrift kan få hjelp til å fullføre fag- eller sveinebrev. 

Elev på verkstad
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune


Slik jobbar Fagveg 

  • Planlegge eit samarbeid med utgangspunkt i bedrifta sitt behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Rekruttere aktuelle kandidatar
  • Kople kandidat og bedrift gjennom møte
  • Legge til rette for arbeidspraksis når det er aktuelt
  • Lage ein plan for opplæring og velje rett opplæringsløp for kvar kandidat
  • Bistå bedrifta med å bli godkjend som lærebedrift
  • Kandidatar som treng det kan få ulike tiltak frå NAV i opplæringsløpet sitt. Eventuelle tiltak vert vurdert individuelt. Dette kan til dømes vere: arbeidstrening, mentor, funksjonsassistent, inkluderingsstønad, mellombels lønnsstønad og tilskot til sommarjobb. Les meir her: Trenger hjelp til å komme i jobb - nav.no