Tilskot til kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv

Tilskotsordninga skal gjere det enkelt for alle å ta del i helsefremjande friluftslivsaktivitetar, både på land og på sjøen.

Ordninga skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om friluftslivets ferdselsårer, og senke tersklane for å delta i friluftslivet gjennom berekraftig forvaltning og tilrettelegging.

Gjennom tilskotsordninga samlar vi fleire tidlegare ordningar:

  • Tilskot til ro- og padleruter 
  • Tilskot til etablering av nye friluftsråd 
  • Tilskot til plan for friluftslivets ferdselsårer 

 Har du mottatt tilskot frå ei av desse ordningane tidlegare (før 2026) skal du rapportere for midlane via dei gamle rapportskjema. Du finn desse samla på denne nettsida.  

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 30. april 2026. Søknadsskjema blir publisert omlag ein månad før søknadsfristen.

Tilskotsordninga skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om friluftslivets ferdselsårer i Vestland. Ordninga skal senke tersklane for å delta i friluftslivet gjennom berekraftig forvaltning og tilrettelegging. Det skal vere enkelt for alle å ta del i helsefremjande friluftslivsaktivitetar, både på land og på sjøen.

Ordninga skal bygge opp under visjonen «Kultur bygger samfunn» og hovudmålet «alle skal kunne delta, oppleve og skape» i Regional plan for kultur 2023–2035.  

Målgrupper

  • innbyggarane i Vestland 
  • særleg målgruppe for ordninga er dei med særskilt behov for god tilrettelegging i friluftsområda. Dette kan t.d. vere eldre, menneske med nedsett funksjonsevne eller barn og unge 

Kven kan søke om støtte?

Kommunar og friluftsråd 

Du kan søke om tilskot til

  • kartlegging, gradering og tilrettelegging for ro- og padleruter 
  • prosessarbeid for å opprette nye friluftsråd eller utviding av eksisisterande friluftsråd 
  • gjennomføring av tiltak i kommunale planar for friluftslivets ferdselsårer og til arbeid med plan for friluftslivets ferdselsårer 

Du kan sende inn ein søknad per tiltak.

Dette støttar vi

  • kartlegging og gradering av ro- og padleruter. Kartlegginga skal kunne publiserast i appen Padleruter, på fylkeskommunen sine nettsider og nyttast til utarbeiding av fysiske informasjonstavler 
  • realisering av tiltak som er forankra i kommunen sin plan for friluftslivets ferdselsårer  
  • utarbeiding og revidering av kommunal plan for friluftslivets ferdselsårer 
  • tilrettelegging for å gjere roing og padling meir tilgjengeleg. Tiltaka skal vere i tilknyting til kartlagde ro- og padleruter i Vestland. 
  • prosessarbeid for å utvide eksisterande friluftsråd med nye medlemskommunar eller oppretting av nye friluftsråd 

Prioriteringar  

Fylkeskommunen prioriterer følgjande innan søknader om tiltak til tilrettelegging av friluftslivets ferdselsårer (derunder ro- og padleruter): 

  • tiltak som bidreg til å fjerne barrierar for deltaking og som medverkar til at fleire får ta del i friluftslivsaktivitetar 
  • tiltak som bidreg til ivaretaking av natur- og kulturmiljø 
  • tiltak som ligg i nærturområde/område som er lett tilgjengeleg til fots eller med sykkel 
  • tiltak i kommunar som frå før har få tilrettelagte turruter og fasilitetar for roing og padling 
  • tiltak som kan gjennomførast innan eitt år etter tildeling av midlar    

Dette støttar vi ikkje 

  • gjennomføring av aktivitetar eller innkjøp av utstyr (t.d. kajakkar) 
  • tilskot til å subsidiere medlemsskap for kommunane i eit friluftsråd eller driftsmidlar til friluftsråd 

Søknaden skal innehalde  

  • omtale av kva det vert søkt støtte til 
  • omtale av ev. samarbeid med andre partar 
  • kostnadsoverslag/budsjett for tiltaket/prosjektet (søkjar må vise til minimum 50 prosent eigenandel i form av eigeninnsats, eigenfinansiering eller andre tilskot) 
  • tidsplan for gjennomføring av tiltaket/prosjektet 
  • Fylkeskommunen vurderer i kor stor grad søknadener relevant for formåletfor ordninga og i kva grad dei svarar til prioriteringane som er sett.      
  • Vi vurderer om tiltaka det blir søkt om i tilstrekkeleg grad tek omsyn til natur- og miljøverdiar. 
  • Vi vurderer kost/nytte-verdi av tiltaka/prosjekta det blir søkt tilskot til. 
  • Kvar kommune kan søke om inntil 100 000 kr til realisering av tiltak som er forankra i kommunen sin plan for friluftslivets ferdselsårer.  
  • Kvar kommune kan søke om inntil 120 000 kr til arbeidet med ny plan for friluftslivets ferdselsårer og 50 000 kr til revidering av plan. 
  • Kommunar eller friluftsråd søke om inntil 50 000 kr til arbeidet med kartlegging og gradering av ro- og padleruter.  
  • Kommunar og friluftsråd kan i utgangspunktet søke om inntil 500 000 kr per kommune per år til tilrettelegging for å gjere roing og padling meir tilgjengeleg. I særskilte tiltak kan fylkeskommunen tildele ein større sum per kommune. 
  • Kommunar og friluftsråd kan søke om inntil 300 000 kr til prosessarbeid der kommunar som ikkje er med i eit friluftsråd skal kunne verte medlem i eit eksisterande friluftsråd i Vestland, eller gå saman og opprette eit nytt friluftsråd. 

Vestland fylkeskommune legg forvaltningslova til grunn for all søknadsbehandling. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova.  

Avdeling for kultur og folkehelse førebur sakene før dei blir politisk behandla og vedtekne i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak i kvar søknad. Vedtak om tilskot eller avslag skal grunngjevast, i tråd med forvaltningslova. Søknadene skal vanlegvis bli behandla innan tre månader etter søknadsfristen.  

Du kan klage på enkeltvedtak som fylkeskommunen har gjort, i tråd med forvaltningslova § 28 andre ledd. Klagefristen er tre veker og blir rekna frå den dagen du fekk melding om vedtaket.

Klagenemnda i fylkeskommunen behandlar klaga. I klaga må du skrive kva vedtak du klagar på, kvifor du meiner vedtaket er feil, og kva du ønskjer endra. Du sender klaga til Vestland fylkeskommune. 

Tilskotet skal brukast slik det står i retningslinjene og i vedtaket om tilskot. Prosjektet skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som er oppgitt i søknaden. Dersom det skjer vesentlege endringar i prosjektet, må tilskotsmottakaren melde frå skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.

Tilskotsmottakar skal levere rapport om bruken av tilskotet til fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Fylkeskommunen kan og krevje rapport undervegs. Sluttrapporten skal innehalde rekneskap for prosjektet og annan informasjon som er nødvendig for at fylkeskommunen kan kontrollere bruken av midlane og oppfylle sine plikter. For tilskot over 500 000 kr skal rekneskapen vere stadfesta av revisor.

Fylkeskommunen kontrollerer at tilskotet er brukt i tråd med føresetnadene, basert på ei vurdering av risiko og vesentlegheit. Tilskotsmottakar skal gi alle nødvendige opplysningar dersom fylkeskommunen ber om det.

Fylkeskommunen kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbake dersom det er utbetalt tilskot i strid med retningslinjene, eller om tilskotet ikkje er nytta i samsvar med føresetnadene for tildelinga.