Teglbu i Ullensvang kommune

Teglbu ligg på høgdedraget Teglhaug aust for Jondal sentrum, retning Krossdalen.

Dagsturhytta Teglbu i Jondal.
Foto Jan M. Lillebø

Tilkomst og parkering

Parkering er i sentrum av Jondal, der du kan følge elvesti som er merka mot Teglhaug.

Stien til hytta

Fleire stiar fører opp frå sentrum, i og med at Teglhaug er eit mykje brukt turmål. Frå parkeringsplassen ved Folgefonnvegen er det ein kort, men bratt kneik opp.

Om utsikta og området

Frå benken på toppen ser du fjorden og husa nede i Jondal sentrum. Rett bak utsiktspunktet ligg dagsturhytta. Når du sit i hytta, har du fin utsikt mot aust, i retning Krossdalen. Hytta ligg i eit skogsområde, furuskog og bjørk står tett inntil, og du ser høgfjell i det fjerne.

I Jondal er det minst 35 turstiar. Fjordbygda har sidan 2008 hatt status som nasjonalparklandsby, områder som har spesielt god inngang til ein  nasjonalpark, altså Folgefonna.

Avstandar

Om lag 2 kilometer, ein nyttar om lag 45 minutt ein veg.