Tveitaslottet i Fitjar kommune
Dagsturhytta Tveitaslottet ligg på ei høgde med framifrå utsikt mot låglandet vestover.

Tilkomst og parkering
Frå Fitjar sentrum køyrer du langs fylkesveg 545 til parkeringsplassen ved Dalshaugane der du byrjar turen til Tveitaslottet.
Stien til hytta
Det er traktorveg heilt opp til hytta. Terrenget er lettgått. Undervegs må du
over ei elv, og her tek stien ein sving inn i skogen før den kjem ut att ved brua.
Avstandar
Det er 1,2 km frå parkeringsplassen ved Dalshaugane til hytta, og det tek om lag 25 minutt å gå.
Utsikt og området
Tveitaslottet ligg på ei høgde med framifrå utsikt mot låglandet vestover. Nærast er Storavatnet, Rydlandsgardane og andre fine bygdelag. Bømlo
ligg i vest med fjellet Siggjo, og lengre nord ser du radaren på Goddo, like ved
dagsturhytta på Bømlo.
Fitjar har øyar, holmar og skjær, og mot nordvest ser du nokre av dei 381
Fitjarøyane, eit fint område for padling. I nord skimtar du sørlege delen av
Austevoll med Stolmen ytst og Selbjørn lengre inne.