Nipaståvo i Sveio kommune

Dagsturhytta Nipaståvo er på plass ved stien frå Stølen i Auklandshamn mot Emberlandsnipen.

Dronefoto av dagsturhytta Nipaståvo i Sveio.
Nipaståvo ligg i typisk vestnorsk kystlandskap, med fjordar og øyer. (Foto: Jan M. Lillebø)

Tilkomst og parkering

Hytta kjem i nærleiken av Skyggjeberget, på turstien frå Stølen i Auklandshamnn mot Emberlandsnipen. Parkering er ikkje avklart. 

Stien til hytta

Stien går frå Stølen i lett terreng gjennom lauv- og furuskog. Lett stigning mot hytta på god sti. Hytta ligg på omtrent 170 moh.

Avstandar

Turen skal vere på omlag 2,7 km og tar 1 time og 15 minuttar å gå for ein vaksen i roleg tempo.