Volda kommune - Nakkebruna

Møre og Romsdal si einaste dagsturhytte. Nakkebruna passar fint som turmål for barnefamiliar. Her ser du mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn til Hornindal. Namnet kjem av fjellhamaren Nakkebruna, som ligg like nedom hytta.

Bilde av ei dagsturhytte med platting rundt heile. To menn står og arbeidar.
Dagsturhytta i Volda, Nakkebruna. Foto: Ola Bergset Ulvedal.

Tilkomst og parkering

Følg E39 til Grodås og ta av ved skilting til Stadion etter Hornindal kyrkje. Parkering er ved Hornindal skule. Det er også eit par plassar ved den kommunale vegen, der stien startar.

Stien til hytta

Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå traseen for Hornindal Rundt-løypa, og turen opp går i løypetraseen.

Frå skulen følger du vegen på sørsida av skulen og over gangbrua til Ytrehorn. Gå rett fram, over fv. 726, og gjennom eit gardstun fram til ein kommunal veg. Følg vegen opp bakken, og ta til venstre ved merka løype mot Ytrehornsnakken og Otredalssetra. Stien vidare oppover er jamt bratt, og merka med kvite runde flekkar. Treng du ein pause undervegs er det ein kvilebenk ved stien. 

Om du vil ha ein lenger tur kan du fortsette på stien oppover mot Ytrehornsnakken, og vidare til Gløvrefjellet. 

Frå den kommunale vegen og vidare oppover er stien ikkje universelt utforma, og såleis ikkje lagd til rette forbruk av rullestol, trille- eller barnevogn.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 190 moh. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen. Det er 0,7 km ein veg.