Nakkebruna i Volda kommune
Møre og Romsdal si einaste dagsturhytte. Nakkebruna passar fint som turmål for barnefamiliar. Her ser du mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn til Hornindal. Namnet kjem av fjellhamaren Nakkebruna, som ligg like nedom hytta.

Tilkomst og parkering
Følg E39 til Grodås og ta av i krysset E39xFv 5829 (Ytrehornsvegen), og følg deretter skilting til dagsturhytta. Parkering for 12 – 15 bilar der stien startar. Det er også parkeringsplassar ved Hornindal skule/ Hornindal idrettspark – på austsida av Storelva, og ein mindre parkeringsplass – på vestsida av elva.
Stien til hytta
Dagsturhytta ligg heilt inn til traseen for Hornindal Rundt-løypa, og turen opp går i løypetraseen.
Parkerer du ved skulen følgjer du vegen på sørsida av skulen - over gangbrua - opp bakken, og vidare til venstre på Fv. 5829 fram til første kryss. Ta til høgre og deretter til høgre ca. 360 m fram til der stien startar. Stien er jamt bratt, og følgjer den merka traséen for Hornindal Rundt løypa (kvite flekkar) fram til dagsturhytta. Ynskjer du å gå vidare mot Ytrehornsnakken, Otredalssetra og Gløvrefjell følgjer du den same merka stien oppover frå dagsturhytta. Treng du pause undervegs er det ein kvilebenk ved stien.
Frå den kommunale vegen og vidare oppover er stien ikkje universelt utforma, og såleis ikkje lagd til rette forbruk av rullestol, trille- eller barnevogn.
Avstandar
Hytta ligg på om lag 190 moh. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen. Det er 0,7 km ein veg.