Haugaro i Sunnfjord kommune

Dagsturhytta Haugaro i Viksdalen ligg like ved garden Haugane og er ei av fem dagsturhytter i Sunnfjord kommune.

Dagsturhytta Haugaro i Viksdalen.
Dagsturhytta Haugaro i Viksdalen. (Foto: Stig Roger Eide)

Parkering

Parker bilen på parkeringsområdet nede ved Viksdalen skule, som ligg like ved Viksdalen kyrkje. 

Sti

Turen opp tek ein halvtimes tid, og turen går delvis gjennom høg og majestetisk skog og opne beiteområde. Vegen stig jamt oppover heile tida, og på den 1,6 kilometer lange turen får du ei meir og meir majestetisk utsikt. 

Hytta har universell tilkomst, men dersom nokon ønskjer å bruke bil heilt opp, bør du kontakte grunneigar på førehand. Det er grusveg opp til garden på Haugane, og dei siste par hundre meterane frå garden er den tidlegare skogsvegen grusa opp slik at han er godt framkomeleg heilt fram til dagsturhytta Haugaro.

Utsikt

Frå stien og hytta har du utsikt over Viksdalen sentrum og Viksdalsvatnet, i tillegg til Råheimsdalen med det idylliske Lauvavatnet som blikkfang. Bak Viksdalsvatnet i sør-vest kneisar dei majestetiske toppane Holsnipa, Jemtdalsnova og Snøheima mot horisonten.