Golfståvo i Sveio kommune

Dagsturhytta Golfståvo ligg midt i Sveio golfpark, nært Sveio sentrum.

Dagsturhytta Golfståvo i Sveio, som ligg inne i golfbane.
Foto: Jan M. Lillebø

Parkering og tilkomst

Parkeringa i Leitevegen er den same som for golfklubben.

Stien til hytta og området

Vegen til Golfståvo er som ein tur i parken, nærare bestemt i golfparken som ligg like ved Sveio sentrum. Du kjem hit ved å ta av frå E 39 inn på fylkesveg 47. 

Her er det golfbane med 18 hol, driven av Haugaland Golfklubb. Området er grønt og vakkert, omkransa av furuskog med fine grusvegar. Folk spaserer på kryss og tvers. Dei knappe to kilometerane frå parkeringsplassen ved klubbhuset i Leitevegen har få motbakkar, og grusvegen fører heilt fram til hytta. Tilkomsten er godt tilrettelagt i lettgått turterreng.

Til denne hytta kan dei fleste kome seg. Og her kan du bli ei stund. Utanfor hytta er det sett opp benker med utsyn til dei grøne markene på bana.