Vetlevardhytto - Bjørnafjorden kommune

Frå hytta på Koldal ser du Skjelbreidvatnet, Eikelandsheiane og den lange fjorden ut mot ferjestaden Venjaneset.

Dagsturhytta Vetlevardhytto i Fusa.
Frå hytta på Koldal ser du Skjelbreidvatnet, Eikelandsheiane og ut mot ferjestaden Venjaneset. (Foto: Jan M. Lillebø)

Tilkomst og parkering

I Eikelandsosen, like etter brua over Eikelandselva i retning Tysse i Samnanger, ligg idrettsanlegget Fjorden Arena.  Her er det parkering med omlag 40 parkeringsplassar, og her byrjar stien til dagsturhytta, ut frå Stallabrotvegen. 

Stien til hytta

Først går stien gjennom beitemarker og ope terreng før han vert brattare opp lia. Med jamne mellomrom får du utsyn ut mot fjorden og ned til Eikelandsosen.

Stien har middels vanskegrad med jamn stigning gjennom kupert terreng. Du stig snøgt, men her er ikkje brattare enn at barnehagen har nytta det som
turmål. Dei 1900 meterane opp går mykje på stein og berg. På våte stader er det lagt ut heller. 

Avstandar

Stien til dagsturhytta er ca. 1,9 km lang og tar ca. 40 min i rolig gange. 

Området og utsikta

Du kjem opp på eit lite platå med god utsikt til fjorden under, samstundes
som du ser hytta like ovanfor. Her er fjellgrunn og furuskog, og det går stiar
vidare forbi hytta, opp til Øyrane. Etter at hytta kom, nyttar langt fleire enn
tidlegare dette terrenget som turmål.

Frå hytta på Koldal ser du Skjelbreidvatnet, Eikelandsheiane og den lange
fjorden utetter mot ferjestaden Venjaneset.