Borgabuo - Bjørnafjorden kommune
Dette er ein fin tur som tek deg opp til dagsturhytta på Borgafjell 346 moh. Hytta ligg flott til med utsikt i fleire retningar.

Tilkomst og parkering
Parkering er i Borgavegen på høgre side (100 m) etter avkøyrsel frå Hegglandsdalsvegen. Her er det merka ca. 20 plassar. Dersom denne parkeringa er full, kan parkering ved Borgafjellet barneskule nyttast på ettermiddag og i helger.
Stien til hytta
Stien er skilta frå Hjellevegen. Passer ei grind og følg merka sti til hytta. Delar av turen går i utmark. Her kan det vere vått og sleipt. Hugs å late att grinder. Underlaget blir etter kvart erstatta av sand, berg og lett skogsterreng. Turen har enkelte bratte parti, og barn bør gå i følge med voksne.
Borgafjell er eit populært turmål på Os, 353 meter over havet. Stien opp er tydeleg og velbrukt. Men han er bratt: 295 høgdemeter på 1200 meter til toppen. Det er parti der det er sett ut trapper og rekkverk til hjelp. Barn bør gå i følge med vaksne.
Avstandar
Stien til dagsturhytta er ca. 1,5 km lang og tek ca. 50 minutt i roleg gange. Stien er middels krevjande med nokon bratte parti.
Utsikt og vidare turmoglegheiter
På toppen er det fleire utsiktspunkt i ulike retningar. Sjølve hytta ligg litt forbi toppen, og har utsikt vestover og nordover. Du ser Lysefjorden og Fanafjellet, mot nord-vest Søfteland og fjellet Møsnuken. Treplattingen rundt hytta er ekstra stor.
Frå Borgafjell kan du gå vidare ned til Tøsdal eller til Møsnuken. Du kan også ta ein litt lengre rundtur ned att til Hjelle der du starta turen.
Utsikta er god til bygdene i Os og langs Bjørnafjorden i Fusa. Bortom den store og breie fjorden skimtar du Tysnes og fjella i Kvinnherad. Os har fine strender, øyer og sund, men også fjordar og fjell.