Ådnabu - Bergen kommune
Dagsturhytta i Bergen ligg i Arna og har fått namn etter den lokale og gamle uttalen av bydelen: Ådna.

Parkering
Parkering utanfor arbeidstid kan gjerast på Ådnamarka skule. Ruta frå
skulen til starten på stien går på veg, og er merka med skilt.
Stien
Stien byrjar på Arnatveit, frå Opptveitvegen. Først på skogsveg og over nokre bruer. Etter kvart blir det ganske bratt, det er nokså konstant motbakke heilt opp til hytta. Det tar ein god halvtime opp frå vegen. Turen går gjennom granskog, vidare langs ein liten rygg med fleire gode utsiktspunkt undervegs.
Plassering og utsikt
Hytta Ådnabu ligg på eit lite platå under fjellet Skåldalsnipa på 350 meters
høgd. Vel oppe er det strålande utsikt til Åsane, Osterøy og sørover mot Fana.
Dersom du ser godt etter, kan du òg skimte dagsturhytta på Erstadfjellet
på Osterøy.