Trygg i tunell
Over halvparten av oss veit ikkje kva vi skal gjere om det brenn i tunell.

Ei ny undersøking avdekker alvorlege kunnskapshol blant norske bilistar. Undersøkinga er ein del av ein nasjonal opplysningskampanje om sikker åtferd i tunell.
Tunellvettreglar
Det er tre ting som er viktig å hugse om kjøretøyet ditt stopper i en tunell eller det brenn i tunellen:
Naudblink — havarilomme — naudtelefon.
Tenk på din eigen tryggleik. Sett på naudblink og køyr til sida, og aller helst i ein havarilomme dersom tunellen har dette. Hugs refleksvest om du går ut av bilen.
Er det naudtelefon i tunellen så bruk den! Då får du kontakt med Vegtrafikksentralen (VTS) som veit nøyaktig kvar i tunellen du er, og vil hjelpe deg vidare. Dei kan stenge tunellen, og varslar vidare til naudetatane eller anna hjelp.
Ved brann skal du evakuere og kome deg ut av tunellen så raskt som mogleg. Under finn du spørsmål og svar om brann i tunell og du kan lese om sjølvberginsprinsippet.
Du må ikkje køyre inn i ein tunell der stopplysa blinkar eller bommen er nede.
Vestlandske tunellar er ikkje som andre tunellar
På Vestlandet har vi 278 tuneller og dei varierer frå 20 meter i lengde til over 11 kilometer. Frå råsprengte mørke tunellar til nye, godt utstyrte tunellar med sensorar, kamera, ventilasjon og styring. Eldste tunell er frå 1922 og den nyaste opna i 2024.
Omlag 45 av tunellane på Vestlandet er ikkje godt nok ustyrt. Om det ikkje er nødtelefon så må du gjøre følgande:
Ring 175 dersom du har problem.
Dersom det er ein nødssituasjon så ring nødetatane (110 brannvesen, 112 politi og 113 ambulanse). Desse har direktekopling til VTS som kan stenge tunellen.
Har du ikkje dekning på telefonen, så prøv å finne ein stad som har dekning. Hugs refleksvest når du går ut av bilen!
Kva gjer du om det brenner i ein tunell?
Kva gjer eg om det brenner i tunellen eg køyrer i?
Kom deg raskt ut – ikkje vent på hjelp.
Du sjølv må komme deg kjapt ut av tunellen. Dersom kan, køyr ut av tunellen, og varsle motgåande trafikk. Ring Vegtrafikksentralen frå ein naudtelefon når du kjem ut av tunellen. Kan du ikkje køyre ut, parker bilen på sida av vegen med naudblink på, og evakuer til fots. Gå motsatt veg av røyken, med mindre det brenn der.
Korleis varslar eg?
Bruk naudtelefon, ikkje mobil.
Tunellane har raude skap med telefon og brannsløkkingsapparat. Ringer du frå ein naudtelefon gir det VTS viktig informasjon om kva tunell du er i, og kor i tunellen du ringer frå.
Kan eg varsle på andre måtar?
Brannsløkkingsapparat varslar også VTS. Dei er montert i tunnelen, og blir apparatet fjerna går det automatisk ein brannalarm hos VTS. Då stenger tunellen og ventilasjonsanlegget startar. Har du mogelegheit så ring frå naudetelefonen også.
Tunnelen er stengt, men eg ser det ikkje er noko vegarbeid. Kan eg likevel køyre?
Du må aldri køyre inn i ein stengt tunell. Er bommen nede eller det blinka raudt lys utanfor tunellen må du stoppe. Det er ein grunn til at tunellen er stengt, og du veit ikkje kvifor.
Kva betyr det blinkande «P1»-skiltet i tunellen?
Det betyr at du må vere merkasam og lytt til radio P1. I mange tunnelar finst det eit skilt med «P1» på. Blinkar skiltet må du skru på radioen på P1. Vegtrafikksentralen kan lese opp meldingar som gjeld spesielt for den tunnelen du er i om noko har skjedd.
Kva er sjølvredningssprinsippet?
- Du har sjølv ansvar for å redde deg ut.
- Når du køyrar i ein tunell er det viktig å legge merke til sikkerheitsutstyr og rømmingsvegar, følgje trafikkreglar og halde god avstand til køyretøyet framom deg.
- Høyr på radio! Der vil du få nyttig informasjon dersom det skulle oppstå ein hending.