Snart blir det ikkje lenger lov å parkere i Eidsvågveien
Mange gode innspel til alternative parkeringsplassar har komme frå naboar. No er dei nye parkeringsplassane klare til bruk.
Ein del av tiltaka som er blitt foreslått av naboar er no gjennomført.
Det vil seie at frå og med fredag 3. oktober klokka 12 blir det ikkje lenger mogeleg å parkere langs fylkesveg 578 rundt Eidsvågneset.
Alternative parkeringsplassar:
- På busstoppet/snuplassen på Lønborg er det komme ti nye parkeringsplassar.
- Ved Furubotn er det to handikapparkeringsplassar
- Nokre delebilplassar er gjort om til parkering for alle
- Totalt er det 15 nye parkeringsplassar inkludert handikapparkering.
- Det vil framleis vere to delebilplassar i Helleveien
Andre tiltak:
- Overgangsfelta har fått såkalla intensivbelysning som gjer det enklare for bilistar å sjå når nokon krysser vegen.
- Veglysa er byta ut med LED-lys (kvifor LED er betre enn den gamle belysninga, kan du lese meir om her)
- Nytt betongrekkverk som vil gje ein auka tryggleik i samband med ei eventuell utforkøyring.
Her kan du sjå ein oversikt over kor du kan parkere.
Under har vi samla spørsmål, og kanskje finn du svar på det du lurer på.
Har eg lov å stoppe langs vegen for å lesse av eller på bilen?
Ja, det er lov å stoppe langs vegen når du har mykje å bere på, for eksempel når du har storhandla eller skal pakke bilen før ferie.
Kan eg reservere ein parkeringsplass?
Nei, det er ikkje mogeleg.
Eg skal ha gjester på besøk, kor skal dei parkere?
Det finst parkeringsplassar i Helleveien og ti parkeringsplassar på busstoppet på Lønborg.
Kvifor meiner de at vegen er tryggare no når den er blitt smalare?
Vi har vurdert at dei ekstra centimetrane muren byggjer ut i botnen, ikkje vil medføre noko vesentleg reduksjon i framkome, og dei aller fleste køyretøy vil framleis kunne passere kvarandre på store delar av strekninga.
Betongrekkverket som er sett opp vil på den andre sida gje ein betydeleg auka tryggleik i samband med ei eventuell utforkøyring. Vi har difor vurdert at dei ekstra centimetrane betongrekkverket har teke av køyrebanen er akseptable. Betongrekkverket vil også bidra til å sikre mjuke trafikantar mot fall på utsida av muren.
Har eg rett til å klage på forbodet?
Du har ikkje klagerett på vedtaket om skiltregulering. Vedtaket gjeld allmenta, og ikkje enkeltpersonar eller verksemd.
Du kan komme med innspel og tilbakemeldingar på tiltaket, desse kan sendast på e-post til post@vlfk.no
Korleis har høyringsprosessen vore, og kvifor er ikkje naboar inkludert?
Skiltsaker på fylkesveg blir først førebudd av fylkeskommunen, og deretter sendt over til Statens vegvesen som vurderer saka og gjer eit vedtak. Før vedtaket blir gjort gjennomfører Statens vegvesen høyring i samsvar med krava i skiltforskrifta. Ettersom offentlege trafikkskilt gjeld for alle trafikantar, ikkje enkeltpersonar eller enkeltverksemder, er det politiet og kommunen som kan uttale seg på vegne av allmenta.
Korleis blir personar med nedsett funksjonsevne ivareteke?
Det har komme to nye parkeringsplassar for rørslehemma ved Furubotn.
Kvifor kan vi ikkje behalde parkering som den er?
Vegen er ikkje brei nok for trafikken som går der i dag. Eidsvågveien har ein varierande vegbreidde som er smalare enn det ein slik veg med kollektivtrafikk, trafikkmengd og toveistrafikk bør ha. Vi har gått gjennom strekninga, men vi har ikkje klart å finne nokon stedar der det er god nok breidde til å kunne tillate parkering og samtidig ha den standarden på framkomme som vi ønskjer. Då måtte vi ha gjort store inngrep i terrenget rundt. Utgangspunktet for vår vurdering er at dagens framkome ikkje er akseptabel og at vi må gjennomføre tiltak som kan betre denne.
Kan eg lage min eigen parkeringsplass på tomten min?
Du må søke for å kunne lage din eigen parkeringsplass. I område der det finst ein reguleringsplan er det Bergen kommune som er mynde etter plan- og bygningsloven. Vestland fylkeskommune får mogelegheit til å uttale seg til saka ved at kommunen sender søknaden på høyring. Bergen kommune handsamar søknadar som er knytt til kommunal veg.
Vestland fylkeskommune handsamar søknadar knytt til fylkesveg i område som er uregulerte. Ligg området nær fylkesveg og/eller har tilkomst frå fylkesveg er det Vestland fylkeskommune som skal fatte vedtak etter veglova.
Ligg parkeringsplassen innanfor byggegrensa til fylkesveg må du ha dispensasjon. Du må også ha løyve om du skal etablere ny avkøyrsel eller endre bruk eller utforming av eksisterande avkøyrsel.
Søknadsskjema og meir info finn du her: https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/loyve-og-dispensasjonar/
Blir parkeringsplassane erstatta?
Delvis. Alternative parkeringsmoglegheiter finst på kommunale vegar i området, i tillegg langs Helleveien på Lønborg.
På Lønborg er nokre av parkeringsplassane som var haldt av til bildeling blitt omgjort til parkeringsplassar for alle. Sjå kartet lenger oppe på sida. Det er også etablert nokre nye plassar på snuplassen på Nordre Lønborg. Totalt er det blitt 15 nye parkeringsplassar.
Kan eg få kompensasjon for eventuelt verditap på bustad?
Nei, naboar til offentleg veg har i utgangspunktet ikkje rett på å kunne parkere på offentleg areal langs vegen. Det er difor ikkje aktuelt å gi kompensasjon.
Kan eg parkere utanfor den kvite stripa?
Parkering forbode-skiltet gjeld for heile det området som kan seiast å vere en del av vegen og ope for alminneleg ferdsle, også utanfor den kvite stripa.
Kor grensa går for kva som tolkast som ein del av vegen vil vere ei vurdering som blir gjort av parkeringsvaktane.
Er vegen trygg å gå på?
Trafikktryggleiken langs vegen er nøye vurdert. Vi kjem til å følgje opp dette i tida etter at tiltaket er utført. Vår vurdering er at risikoen er akseptabel, sjølv etter at parkeringsplassane er fjerna.
Når vi fjernar parkerte bilar kan gjennomsnittsfarten auke noko, men vår vurdering er at denne aukinga er avgrensa. Det er også lite truleg at det blir fleire køyretøy som køyrer over fartsgrensa på 40 km/t. Eidsvågveien vil framleis vere ein smal veg der bilistar må tilpasse farten etter forholda. Det er også fartshumpar på heile strekninga.
Når parkerte bilar langs vegen er fjerna blir også sikta betre. Det gjer at bilistar tidlegare blir merksam på gåande og syklande langs vegen.
Kan eg få dispensasjon frå forbodet?
Nei, vegtrafikkloven og skiltforskrifta gir ikkje moglegheit for å kunne gi enkeltpersonar eller eigendommar dispensasjon.
Kor kan eg finne dokumenta i saken?
Du kan finne alle dokumenta i saken i Vestland fylkeskommunes innsynsløysning på einnsyn.no. Det er mogleg at det finst andre dokument hos de andre offentlege etatane som har handsama saken (Statens vegvesen, Bergen kommune og Vest politidistrikt,) innsyn i disse dokumenta må søkast hos den enkelte etat.
Oppdatert 16. september 2025