Det blir planlagt for tunell mellom Austrepollen og Nordrepollen. Planprosjektet inkluderer tunell og eventuell ny veg for tilkopling til eksisterande fv. 49 i Nordrepollen og Austrepollen. Tiltaket utgjer om lag 3,5 km veg.
Høyring
Forslag til detaljregulering for fv. 49 Nordrepollen–Austrepollen, PlanID 20230001, er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.
Høyringsfrist: 12. mars 2026
Gje høyringsinnspel på Kvinnherad kommune si nettside.
Skredfare
Dei siste ti åra har det gått 103 skred på den åtte minutt lange bilturen frå Austrepollen til Nordrepollen. Det er fire skredpunkt på strekninga. Omkøyringsvegen er 100 kilometer lang og innheldt 23 skredpunkt, der det dei siste ti åra har gått 140 skred.
Det er gjort tiltak med skredsikring langs delar av strekninga, men det er ikkje mogleg med tilstrekkeleg sikring langs vegen slik den er i dag.
Ser du ikkje sjå kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge
Om planen
- Det er vurdert fleire tunnelpåhogg på begge sider av fjorden, det står no att eitt forslag på kvar side.
- Arbeidet bygger på eit forprosjekt frå Norconsult, der fleire traséalternativ er vurdert.
- Prosjektet kan få ein kostnad på over 750 millionar kroner, noko som utløyser krav om konsekvensutgreiing.
- Utgreiinga skal mellom anna vurdere eventuelle konsekvensar for naturmangfald, landskap, kulturarv, naturressursar, friluftsliv og tryggleik i skredutsette område.
- Planarbeidet heng og saman med Statens vegvesen si konseptvalutgreiing (KVU) for E134-armen til Bergen, der denne strekninga er del av eitt av alternativa.