Fv. 585 Kalvedalsveien og ny Kalfaret bru

Kalvedalsveien ved Hansaparken opna for alle trafikantar onsdag 5.november 2025. Då var arbeidet med ny veg og ny bru ferdig. Opninga var omlag sju veker før planlagt.

Fakta

Fase: Ferdig
Veg: Fylkesveg
Område: Bergen

Start på bygging av ny bru

Februar 2025

Ferdig bygd bru

November 2025

To personar som står på ein veg og på kvar sida av eit køyretøy som blir brukt når ein legg asfalt.
Foto: Marcin Tomasz Kowalski, Vestland fylkeskommune

Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke , og tillate cookies eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.

Vedlikehaldsarbeid

Det blir vedlikehaldsarbeid på Kalvedalsveien ved Hansa Parken i perioden frå 21.februar - 1. mars 2026. Arbeidet vil foregå frå kl. 07.00 til kl. 21.00 alle dagar. Eit felt blir stengt og det blir manuell trafikk dirigering og trafikklys. Kollektivtrafikken vil gå som normalt. 

 

Oppdatert januar 18. februar 2026

Relatert informasjon

Ein halvbru

Kalfaret bru er 105 meter lang, og er ein såkalla halvbru. Mesteparten av brua går under gang og sykkelvegen i området, og brukonstruksjonen ligg også delvis under bilvegen.

Brua dårleg stand

I 2021 ble det utført spesialinspeksjon og bruklassifisering av brua. Konklusjonen er at brua er i dårleg forfatning og må difor bli erstatta med ein ny brukonstruksjon. 

Brua blei bygd i 1912

Historia seier at det har gått veg i området i lang tid. Vegen var då særs bratt på einskilde plassar, og i 1860 ble vegen lagt om. Dei verste stigningane blei flata ut, og frå 1892–1893 blei det sprengt ut ein ny veg i fjellsida som var seks meter brei.

Kalvedalsveien blei ytterligare utvida i år 1908–1912 i samband med forlenging av sporvognslinja frå Kalfartoppen til Haukeland. Kalfaret bru blei bygga i 1912. Den gamle vegen fekk då namnet Gamle Kalvedalsveien.

Eit delvis lukka rom med betongtak- og veggar. Hull i veggane.

DAGENS BRU. Her kan ein sjå Kalfaret bru frå undersida. Foto: Marcin Tomasz Kowalski, Vestland fylkeskommune.

Historia seier at det har gått veg i området i lang tid. Vegen var då særs bratt på einskilde plassar, og i 1860 ble vegen lagt om. Dei verste stigningane blei flata ut, og frå 1892–1893 blei det sprengt ut ein ny veg i fjellsida som var seks meter brei.

Vegen blei ytterligare utvida i år 1908–1912 i samband med forlenging av sporvognslinja frå Kalfartoppen til Haukeland. Kalfaret bru blei bygga i 1912. Den gamle vegen fekk då namnet Gamle Kalvedalsveien.