Fv. 5724 skredsikring Oldedalen

Tre skredpunkt i Oldedalen i Stryn kommune blir overvaka av varslingssystem som automatisk stenger og gjenåpnar vegen ved skredfare, i tillegg til vanlege skredsikringsrutinar.

Fakta

Veg: fv. 5724
Område: Oldedalen, Nordfjord

Varslingssystemet Cautus Geo skal overvake skredløpa Heimefonna, Sandvika/Bukkeskora og Kroka med radar. Vegen blir stengt automatisk når skred blir oppdaga, og opna att når det blir vurdert som trygt. Skredsikringa vil dekke ei strekning på 1,6 kilometer langs Oldevatnet, og er ei støtte til vanlege tryggleiksvurderingar og eventuelle vegstengingar. 

Vinterdrift

Anlegget er aktivt 1. november til 31. mai kvart år for å varsle snøskred og stenge vegen, men det blir vurdert å ha varslingsanlegget aktivt heile året, fordi det også kan detektere lausmasseskred og flaumskred. Anlegget vart sett i drift 28. november 2024.

Varsling og vegmeldingar

Sjå vegmeldingar for Oldedalen hjå vegtrafikksentralen/175.no. I appen «Vegvesen trafikk» kan ein sette opp varsel for eigen valt strekning, som Oldedalen. Det blir ikkje sendt ut sms-varsel for strekninga. 

App: "Vegvesen trafikk"   

Slik fungerer skredovervakinga

Oppsettet for Oldedalen er omfattande, og anlegget består av radarar, kamera og stopplys. Anlegget skal automatisk og kontinuerleg overvake tre av dei mest utsette skredløpa. Trafikken blir stoppa av raudt trafikklys som automatisk kjem på om skred blir registrert. Om skredet ikkje når vegbana blir vegen opna automatisk etter 30 sekund. Større skredhendingar der skred treff vegbana eller stoppar rett over vil kunne føre til ei lengre stenging. Då handterer fylkeskommunen skredhendinga etter eigne prosedyrar og vegtrafikksentralen 175.no blir oppdtatert. 

Alle tre raudblinkar vil bli aktiverte når eit skred vert oppdaga, ikkje berre for det aktuelle skredløpet. Om en held fart på 40 km/t vil ein nå neste stopplys og sikker sone før skredet når vegen (40 km/t er dimensjonerande hastigheit for brøytebilen)

Kart over skredsikringsområde
Biletet viser dei tre skredutsette områda ved Oldevatnet. Dei raude stjernene viser kvar det er stopplys.

 

Røyrtunell ved Sandvika

Det kan gå skred over røyrtunellen som fører til stengt veg, sjølv om skreda går over tunellen. Vi er klar over problemstillinga og vi treng skreddata for å optimalisere systemet her. Vår første prioritet er framleis at trafikantar ikkje skal bli tekne av skred.

Innkøyringsfase

Hausten 2024 vart det jobba med kritisk testing av systemet. Kalibrering og justering for best mogleg funksjon vart gjort, systemet fungerte optimalt ved faktisk skred 31. oktober 2024. Testing er heilt naudsynt i slike system for å sikre optimal yting og nøyaktigheit i varslinga, som at det varslar i god nok tid og ikkje gjenopnar før det er trygt. 

I februar 2020 redda eit tilsvarande anlegg liv i Lom, og det er mange gode erfaringar frå i underkant av 20 anlegg rundt i landet. Kvart område og skredløp er unikt, og vi tek difor høgde for at det trengs kalibrering og justering for å optimalisere skredvarslingsanlegget i dette området. Dette er kontinuerleg arbeid, og vi ønskte å starte med eit ekstra sensitivt anlegg. Det gjer at raudblinken aktiverast i stadet for å halde ope ved usikker registrering. Dette kan gi hyppigare stengingar i innkøyringsfasen enn det som er naudsynt, men denne perioden må til for å sikre eit påliteleg system.

Fylkesvegen er mykje trafikkert i turistsesongen, og er ein av dei meir utsette i Vestland. På vinterstid fell trafikkmengda vesentleg, men kvart døgn blir 450 bilar talde forbi skredområda. 90 av desse er tungtrafikk. Skredsikringa gjer at trafikantane kan passere tryggare.

Vidare arbeid med skredsikring i Oldedalen 

Fylkestinget har gjort følgjene vedtak i handlingsprogrammet for RTP-investeringer, 21.juni 2022 (PS-sak 42/2022, side 2, vedtak 5):

«(…) planlegging av tunnel for skreda Sandvika/Bukkeskora/Heimefonna i Oldedalen skal startast opp. For Oldedalen/ Lodalen skal det utgreiast montering av automatisk varslingsanlegg som permanent sikring av skred, eventuelt som framtidig sikring til vegen kjem i prioritet. Ein må søkje å minske risikoen for rasuhell ved tekniske løysingar som kan inngå i innovasjonsprogrammet som Stortinget har vedteke.»

For å svara heilskapleg på dette vedtaket er det sett i gang eit forprosjekt. Forprosjektet skal vurdere fleire moglege løysingar for skredsikring: både varsling, aktiv skredkontroll og fysisk sikring. Forprosjektet skal også ta stilling til eit eventuelt tunnelalternativ. Erfaringane frå anlegget som er etablert no, skal takast med i vurderinga.

Utgreiinga i forprosjektet gjeld for registrerte skredpunkt langs fv. 5724 Oldedalen, frå Sandnesfonna i nord til Fossvega i sør. Den skal resultere i ei fagleg tilråding. Denne er venta ferdigstilt innan årslutt 2025. Den faglege tilrådinga skal til politisk handsaming for endeleg prioritering av vidare arbeid.

 

Kontaktpersoner

Trym Eirik Heggen Bjørneseth

prosjektansvarleg