Fv. 5190 Apeltunvegen

Vestland fylkeskommune skal gjere Apeltunvegen tryggare for alle som ferdast der. Fleire nye bustader i området Skjold-Apeltun og Nøttveit har ført til meir trafikk. Difor treng vi å gjere det tryggare og betre å gå og sykle langs Apeltunvegen.

Fakta

Fakta

Fase: Bygging
Veg: Fv. 5190
Område: Nesttun, Skjold og Smørås i Bergen
Kostnad: 20 mill. kr.

Juni 2026

Byggestart

Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.

Vegen går gjennom bustadområde og næringsområde, og folk brukar han for å kome seg til bustader, idrettsanlegg, skular, barnehagar og verksemder.

Dette skal vi gjere:

  • Oppgradere fortau og gangfelt
  • Betre busshaldeplassane
  • Utbetre kryss og avkøyrsler
  • Forbetre belysning langs vegen
  • Leggje inn fartshump

Prosjektet er delt i åtte delområde. Les meir om dei ulike områda i nedtrekksmenyen under. 

Prosjektet er ein del av Miljøløftet. Du kan lese meir om prosjektet her. 

Relatert informasjon

Delområde 1 – ved KIWI-butikken (ca. 23 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nytt slitelag på vegbana

Delområde 2 – ved Skjoldskiftet Bybanen stopp (ca. 185 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • 4 fartsputer i vegen
  • Busskantstein på nærliggande busshaldeplassar
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nye fundament og leskur

Delområde 3 – krysset Apeltunvegen/Slåtthaugvegen (ca. 170 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Intensivbelysning og fartsputer i vegen
  • Rehabilitering av gangfelt og bygging av modifisert fartshump
  • Busskantstein på nærliggande busshaldeplassar
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nye fundament og leskur
  • Nytt slitelag på vegbana

Delområde 4 

  • 4 fartsputer i vegen
  • Intensivbelysning på gangfelt

Delområde 5 – krysset Apeltunvegen/Tranevegen (ca. 100 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Intensivbelysning og fartsputer i vegen
  • Rehabilitering av gangfelt
  • Busskantstein på nærliggande busshaldeplassar
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nye fundament og leskur
  • Nytt slitelag på vegbana

Delområde 6 – krysset Apeltunvegen/Nedre Smøråsvegen

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Intensivbelysning og fartsputer i vegen
  • Rehabilitering av gangfelt
  • Reetablering av kantstein og fortau

Delområde 7 – krysset Smøråsvegen/Nedre Nøttveit (ca. 90 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Intensivbelysning og fartsputer i vegen
  • Rehabilitering av gangfelt
  • Busskantstein på nærliggande busshaldeplassar
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nytt fundament og leskur
  • Nytt slitelag på vegbana

Delområde 8 – krysset Smøråsvegen/Apeltunhaugene (ca. 115 meter)

  • Nytt asfaltlag og retnings- og varsleindikatorar på gangvegen
  • Intensivbelysning og fartsputer i vegen
  • Rehabilitering av gangfelt og bygging av modifisert fartshump
  • Busskantstein på nærliggande busshaldeplassar
  • Reetablering av kantstein og fortau
  • Nye fundament og leskur
  • Nytt slitelag på vegbana

Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtilbodet i Vestland. Med støtte frå Miljøløftet har vi dei siste åra oppgradert mange busshaldeplassar slik at dei får universell utforming. Dette gjer det mogleg for alle å reise kollektivt – anten du brukar rullestol, har med barnevogn eller bagasje.

Kantstopp er tilrådd løysing i tettbygde strøk fordi det:

  • Gjev bussen betre framkomst
  • Reduserer stopptida
  • Krev lite areal
  • Er enklare og billigare å drifte og vedlikehalde
  • Kostar mindre å byggje enn busslomme

Statens vegvesen sin handbok V123 tilrår kantstopp som normalløysing i byar og tettstader. Kantstopp er aktuelt der årsdøgntrafikken er under 10 000 og fartsgrensa er 50 km/t eller lågare. I Apeltunvegen er årsdøgntrafikken 6 500, og planlagd skilta fartsgrense er 30–40 km/t.

Kvifor ikkje nye busslommer?

Nye busslommer med universell utforming krev mykje meir areal enn dei gamle haldeplassane. Det er sjeldan plass til dette utan at ein må inn i sideareal – noko som ofte inneber sprenging i fjell, støttemurar eller kjøp av privat grunn. Kantstopp er difor nesten alltid den rimelegaste og mest praktiske løysinga.

Er kantstopp trygt?

Ein TØI-rapport frå 2019 analyserte trafikkulukker ved over 16 000 haldeplassar i norske tettstadar i perioden 2014–2018. Rapporten fann ingen tydeleg støtte for at kantstopp er farlegare enn busslomme. Trafikksikkerheita kring alle tiltaka i Apeltunvegen er likevel nøye vurdert.

Nullvekstmålet

Gjennom byvekstavtalane samarbeider stat, fylkeskommune og kommune om å avgrense veksten i biltrafikk. Veksten i transport skal i staden takast med gåing, sykling og kollektivreiser. Oppgraderinga av Apeltunvegen er eit bidrag til dette målet.

Kontaktpersoner

Marcin Kowalski

Byggjeleiar