Folkemøte for Atløysambandet 15. september

Oppdraget med å bygge Atløysambandet er på veg ut i marknaden. Denne veka møtte prosjektleiinga innbyggjarane på Atløy for å dele status og vidare planar for framdrift.

Nærmare 150 personar hadde teke turen til Kulturhuset på Atløy denne måndagskvelden.

Idrettshall med parkettgolv og trepanel på veggane. Salen er avlang og i eine enden enden er det ei scene. På langs av rommet er det sett opp stolar tett i tett, og på langsida er det eit lerret og ein prosjektor. Det sit menneske på stolane, og på sida av lerrretet er det eit bord. Ved bordet sit det ein mann og ei kvinne, to menn står ved sidan av lerretet.
FULLSETT: Mange hadde møtt fram for å få siste oppdatering på eit svært etterlengta prosjekt.

Prosjektleiar Helge Follevåg tok tilhøyrarane igjennom planane for prosjektet; steg for steg gjennom heile veglinja, både i kart- og modellform.
Han synte også bilete og videoar frå Ytre Steinsund bru i Solund, eit bruprosjekt som har mange fellestrekk med Atløysambandet når det kjem til brulengde, omfang og byggemåte.

Stikkord frå presentasjonen:

  • Sambandet består av tre bruer, der to av dei er mindre betongplatebruer, medan den største og lengste, brua over Granesundet, har same seglingshøgd som Ytre Steinsund bru. Granesundbrua vil bli om lag 900 meter.
  • Det blir samanhengande gang- og sykkelveg frå Atløy til Olset.
  • Ny kryssløysing ved Askvoll skule ligg inne som ein opsjon. Det betyr at dette kan bli kutta om tilboda overstig kostnadsramma. Det same gjeld oppgradering av vegen over Leira, samt legging av høgspentkabel til Atløy.
  • Det er opp til entreprenøren som får oppdraget korleis dei vil legge opp arbeidet, men sannsynlegvis vil dei bygge dei to minste bruene først, både fordi dei er av mindre omfang og lettare å få igjennom godkjenningsregimet i Vegdirektoratet, og fordi det gjev lettare tilkomst til Granesundet.
  • Prosjektet vil ta særskilt omsyn til området rundt skulane, både på Atløy og i Askvoll. Begge desse områda kjem tett på anleggsarbeidet, og det vil bli tungtransport på skulevegane. Entreprenøren forpliktar seg til å møte dei yngste elevane kvar haust.

Etter presentasjonen vart det tid for spørsmål frå salen:

På Grov møtast ny veg og gammal veg. Kor langt strekk de den nye vegen sidevegs?
- Ikkje så veldig langt, nok til å få ein jamn overgang frå ny til gammal veg.

Når det no skal byggast bru/bruer, så bør nyttast høvet til å føre vatn og straum over til øya – gjere oss meir robuste.
- Linja AS ynskjer å få inn pris på legging av høgspent frå Askvoll til Atløy, noko som er tatt inn i kontrakta som ein opsjon. Kommunen har fått tilbod om å legge vassleidning, ingen signal om at dei ynskjer det. Vi legg leidning for lågstraum til veglys osv

Bygging av ny ferjekai på Vilnes vil gje større andel tungtransport over Atløy, og det er ikkje vegane våre rigga for.
- Midlar til ny ferjekai på Vilnes er ikkje med i dette prosjektet og soleis er ikkje evt opprusting av eksisterande vegnett på Atløy heller ikkje med i prosjektet. Atløysambandet vil i seg sjølv ikkje generere meir tungtransport etter at det er ferdigstilt.

Vegen forbi skulen til kryss ved butikk, blir den verande open?
- Ja, intensjonen er det, men det kan bli stengt til tider i anleggsfasen. Denne vegen skal ikkje gjerast noko med.
Kommentar Askvoll kommune: Om det blir mykje gjennomgangstrafikk, så kan det bli aktuelt med skilting eller andre tiltak.

Kva vil de gjere med belastning på eksisterande veg frå tunge køyretøy?
- Dette gjeld i hovudsak mellom Gjervik ferjekai og anleggsområdet i Sauesund/Grov. Planen er at eksisterande vegnett skal ha så lite belastning som mogeleg, men transport av maskiner må ein rekne med. Dersom denne vegen får belastningsskader, må ein handtere dette når det oppstår.

De må ikkje belaste ferjetrafikken morgon og ettermiddag med mannskap og maskiner, der det er dårleg kapasitet allereie.
- Dette er innspel vi tek med oss inn i anleggsfasen. Vi ynskjer tilbakemelding frå de som bur her om det uheldige episodar eller utfordringar. Det gjeld også når det i anleggsperioden blir mykje meir folk og trafikk på øya.

Vil Atløysambandet halde tilskotsramma?
- Vi har gjort oss mange erfaringar frå prosjektet Ytre Steinsund når det kjem til kalkulasjon av kostnader. Kosnadsauken for Ytre Steinsund er det teke høgde for på Atløysambandet. Usikkerhetsmomentet er marknaden – er det mykje oppdrag i marknaden er prisane høge, er det mindre jobbar går prisane ned.

Kor blir riggen plassert – her på Atløy?
- Det er opp til entreprenøren som får oppdraget, men vi trur det vil blir på fastlandet. Men det kan godt vere at dei også vil ha ein rigg på Atløy.

Kor mykje vil vedlikehald av bruene koste?
- Vidare vedlikehald av veg og bruer er ikkje ein del av prosjektet. Når det er sagt så bygger vi med ei levetid på 100 år, og bruene vi bygger i dag er av betre kvalitet enn det som vart bygd for 40-50 år sidan, som no opplever eit stort vedlikehaldsbehov. Vi bygger til dømes i betong, ikkje fordi det er billegast, men fordi det er det beste byggematerialet med tanke på vedlikehaldsutgifter vi har i dag.

Spørsmål om uttak av stein. Kor vil dei starte?
- Dette er opp til entreprenør. Noko stein må fraktast til anlegget.

Sauesundsøya sør og nord: mange ulike eigarar, opnar for nye moglegheiter. Blir det etablert avkøyrsler slik at dei får tilgang til eigedomane?
- Det blir lagt til rette for ei felles avkøyrsle på Nordre Sauesundsøyna, samt ein parkeringsplass på Søre Sauesundsøyna. I tillegg blir det ein del avkøyrsler langs heile linja.

Blir det bygd gang- og sykkelveg frå skulen og på søre sida?
- Det blir ikkje bygd GS-veg vestover frå Atløy skule, men det blir bygd GS-veg på søre sida til frå Atløy skule til krysset i Olsetvikane.

Kva har arkeologane funne? Kan det bremse prosjektet? Får vi høve til å sjå tinga dei har funne?
- Arkeologane er i ferd med å gjere seg ferdige med utgravingane, og vi har fått signal om at dei har gjort mange spennande funn. Når det kjem til konsekvensar for prosjektet, så grev dei for å frigjere vegarealet, eventuelle funn kjem ikkje til å stogge prosjektet. Vi skal komme med meir informasjon om kva funn som er gjort, og kor ein kan sjå gjenstandane dei har funne her på Atløy.

Kvifor skal hovudbrua vere så høg/ha så høg seglingshøgd?
- Det kjem av krav frå Kystverket, sannsynlegvis også ynskjer frå Forsvaret, som vil ha moglegheit til å legge ruta innanskjærs.