Forskingsfinansiering Vestland
Hovudutval for næring vedtok 11. februar 2026 å løyve 8 millionar kroner til satsinga Forskingsfinansiering Vestland. Ordninga skal finansiere tidlegfase forprosjekt i næringslivet i Vestland, og er eit viktig verkemiddel for å styrkje forskings- og innovasjonsaktiviteten i regionen.
Forskingsfinansiering Vestland er ei regional støtteordning som skal styrkje forskingsbasert innovasjon og verdiskaping i heile Vestland fylke. Ordninga skal bidra til at fleire bedrifter tek steget frå idé til forskingsprosjekt – og vidare til nye løysingar, produkt og tenester.
Ordninga er eit naturleg steg vidare for bedrifter som har gjennomført eit FORREGION-prosjekt, men ho er òg open for bedrifter med meir forskingserfaring som ønskjer å utvikle nye forskingsbaserte prosjekt i samarbeid med relevante forskingsmiljø.
Kven kan søkje?
-
Bedrifter med adresse og/eller vesentleg aktivitet i Vestland
-
Bedrifter som ønskjer å utvikle prosjekt i samarbeid med forskingsinstitusjonar
Prosjekta skal ha tydeleg forskingsinnhald og bidra til ny kunnskap, innovasjon og berekraftig utvikling.
Kva kan du få støtte til?
Du kan søke støtte til forprosjekt som skal utvikle og konkretisere ein forskingsidé.
Målet med forprosjekta er å redusere risiko, styrkje kvaliteten på framtidige hovudprosjekt og auke gjennomføringskrafta i bedriftene.
Føremål og strategisk forankring
Satsinga skal bidra til å realisere måla i Temaplan for forsking (pdf), og styrkje kunnskapsbasert verdiskaping i heile Vestland. Ordninga skal særleg:
-
auke forskingsaktiviteten i næringslivet
-
styrkje samarbeidet mellom næringsliv og forskingsmiljø
-
bidra til grøn omstilling og berekraftige løysingar
-
løyse regionale samfunnsutfordringar
Gjennom målretta støtte til forprosjekt legg Forskingsfinansiering Vestland til rette for fleire konkurransedyktige forskingsprosjekt på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Utlysing
Utlysing av forprosjekt vil bli publisert på denne nettsida.
Kontakt
Spørsmål om utlysinga kan rettast til forsking@vlfk.no.