Lokal mobilisering mot doping

Arbeidet mot doping er ei viktig samfunnsoppgåve. Vestland fylkeskommune arbeider med dette i satsinga "Lokal mobilisering mot doping".

Vestland fylkeskommune og stiftinga Antidoping Norge (ADNO) samarbeider for å mobilsere unge mot doping.

Samarbeidet setter fokus på doping som eit samfunnsproblem og rettar seg mot vidaregåande opplæring, folkehelse og idretten. Det er også eit mål å inkludere førebyggjande mobilisering mot doping i kommunar i fylket.

Gjennom forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og ADNO, skal det drivast eit heilskapleg antidopingarbeid som inkluderer planarbeid, førebygging og kompetanseheving. 

Målet er nulltoleranse blant unge

Hovudmålet er å gje unge menneske tilstrekkeleg kunnskap og informasjon til å avstå frå dopingbruk. Vidare at desse unge spreier haldninga om nulltoleranse til dopingbruk i lokalmiljøa sine innan idrett og i samfunnet elles. 

På denne måten ønsker vi å redusere dei fysiske. psykiske og sosiale konsekvensane hos unge mennesker som følge av dopingbruk.

Styringsgruppe Vestland

  • Linda Olsen, Antidoping Norge
  • Kaja Renolen Haugen, Antidoping Norge
  • Britt Karen Spjeld, Vestland fylkeskommune
  • Hanne Marte Espe, Vestland fylkeskommune
  • Åge Olsen Malmanger, Vestland fylkeskommune
  • Randi Marie Berntsen Farnes, Vestland idrettskrets
  • Hillevi Elisabeth Runshaug, Vestland fylkeskommune

Les meir om satsinga frå Antidoping Norge