ABC for god psykisk helse

ABC er ein nasjonal folkehelsekampanje som skal fremje god psykisk helse i heile befolkninga.

Vi bygger helsa vår gjennom alt som gir god livskvalitet, glede, meistring og meining i kvardagen. ABC-modellen (act, belong, commit) er eit kunnskapsbasert rammeverk som syner at det å vere aktiv, inngå i sosiale fellesskap, og gjere ting ein synest er meiningsfulle, styrkar livskvaliteten og den psykiske helsa.

ABC Vestland

"ABC Vestland - sterkare saman" skal bidra til regional og lokal implementering av ABC-modellen og inspirera folk til å ta aktive val for si eiga og andre si psykiske helse. Prosjektet er støtta av Helsedirektoratet og det er eit mål at moglegheitene for helsefremmande aktivitet blir styrka og synleggjort lokalt gjennom eit samarbeid med fylkeskommunen, kommunar og organisasjonar.

ABC Vestland har tre hovudmål:

  • Implementere, forankre og gjere ABC kjent i nettverk, for organisasjonar, kommunar og andre aktørar fylkeskommunen samhandlar med, og nå ut til heile Vestland.
  • Stimulere fylkeskommunen, kommunar, organisasjonar og andre aktørar i Vestland til å ta ABC inn i eigen kontekst og organisasjon mellom anna gjennom tilskot.
  • Utvikle eksisterande og nye arenaer, og nå ut til nye aktørar på etablerte arenaer, for å fremje aktivitet, tilhøyrsle, meining og engasjement.

Les meir om den nasjonale kampanjen på Helsedirektoratets nettside.

ABC, som står for ACT – BELONG – COMMIT, er ei felles forståing- og arbeidsramme for å fremje god psykisk helse i praksis. Det handlar om å gjere noko aktivt, gjere noko saman med andre og gjere noko meiningsfullt.

Modellen vart utvikla av forskingsmiljø i Australia og Danmark og forma vidare i Noreg av mellom anna Norsk HPH (Health Promoting Hospitals) ved Akershus Universitetssjukehus.

ACT - gjere noko aktivt

Viss du held deg aktiv, vil du kjenna deg gladare. Det blir også lettare å handtera utfordringane i kvardagen. Å vera i aktivitet byggjer og styrkjer den psykiske helsa di.

Kvifor verkar det?
Forsking viser at menneske som held seg fysisk, mentalt og sosialt aktive har betre mental sunnheit enn dei som ikkje gjer det. Når me held oss aktive, kjenner me oss gladare, og me handtera lettare dei
daglegdagse utfordringane. Dessutan kan det lindra psykiske lidingar som angst og depresjon.

BELONG - gjere noko saman

Når du er med på sosiale aktivitetar og byggjer gode relasjonar til andre, så gir det ei kjensle av å høyra til. Å vera ein del av fellesskapet gir støtte i kvardagen. Å gjera noko saman med andre byggjer
og styrkjer den psykiske helsa di.

Kvifor verkar det?
Det er avgjerande for den psykiske helsa vår at me har ei kjensle av å høyra til og å vera ein del av eit fellesskap. Når me involverer oss i sosiale aktivitetar aukar me sjansane for å bli kjende med nye menneske, og dermed bli ein del av eit fellesskap. Jo fleire gode sosiale relasjonar ein person har, desto betre vil han eller ho vera i stand til å klara dei utfordringane som livet rommar. I eit fellesskap er det lettare å få støtte.

COMMIT

Hold deg aktiv med noko som opplevast meiningsfylt for deg. Det kan vera å læra seg noko nytt, jobba mot eit mål, gjera noko for andre eller å bidra til ei god sak. Å gjera noko meiningsfylt styrkar den
psykiske helsa di.

Kvifor verkar det?
Å gi seg sjølv utfordringar, og å nå måla sine, sjølv dei små måla, gir ei kjensle av å ha utretta noko. Det gir også ei sterkare sjølvkjensle. Alt dette er viktig for at me skal ha god psykisk helse. På same måte har frivillig arbeid, ting ein gjer for å hjelpa andre og bidrag til fellesskapet ein positiv effekt på å gjera både seg sjølv og andre glade. Det aukar kjensla av meining og formål i livet.