Ønskjer du å klage på ein drosjetur?

Det er drosjesentralen som er klageinstans for klager som gjeld drosjeturar, sjåførar, pris og service mv.

Frå 1. april 2025 må alle drosjar vere tilknytta ein godkjent drosjesentral. 

Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning. Kundar og andre med klageinteresse kan klage på pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen skal sørge for at kunden får opplysningar om klageretten, og om at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får medhald i klagen.

For å klage på den drosjen du har køyrt med, treng du å vite løyvenummeret. Det skal stå på taklykta, på sidedørane, inni drosja og på kvitteringa. Dersom du ikkje veit kva for ein drosjesentral dette løyvet tilhøyrer, kan du søkje det opp her  Du kan nytte søkealternativ 4, vel fylkesbokstav og skriv inn løyvenummer. 

Hos Konkurransetilsynet  kan du lese meir om prisregulering og maksimalpris for drosjar.