Endringar frå 2026
Nye drosjereglar skal bidra til eit godt tilbod og ei trygg næring.
Regjeringa innførar strengare reglar for å styrke kvaliteten og seriøsiteten i drosjenæringa.
Endringar som trer i kraft 1. januar 2026:
- Løyvehavar kan berre vere knytt til éin drosjesentral.
- Ordninga med einerettar blir vidareført, men no treng ikkje einerettsområda lenger følgje kommunegrensa.
- Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for kontraktsmarknaden.
- Fylkeskommunane og andre offentlege styresmakter skal leggje fram kontraktar for relevante styresmakter, og vurdere korleis kontrakten kan påverke andre delar av transporttilbodet.
Endringar som trer i kraft 1. juli 2026:
- Drosjesentralane får ansvar for å sørgje for at det blir innført og utført internkontroll både i sentralens eiga verksemd og i tilknytta løyvehavars verksemd. Fylkeskommunen skal vere tilsynsmynde for internkontrollen.
Meir utfyllande informasjon finn du i pressemeldinga til regjeringa.