Berekraftig samfunnsutvikling

Vestland fylkeskommune støttar kommunar både med rådgjeving og økonomiske tilskot til berekraftig samfunnsutvikling.

Ei gate i København med gåande og syklande.
Innsatsområda for tilskotsordninga er klima, folkehelse og byidentitet. Foto: Shutterstock.

Innanfor dei tre innsatsområda folkehelse, klima og by- og stadutvikling har kommunar i lag med lokalsamfunn og næringsliv testa ut skulematordning, urban dyrking, laga gå- og sykkelstrategier og etablert viktige møteplassar i lokalsamfunna. Under finn du eit utval av prosjekt som vi har støtta, mange frå tilskotsordninga Berekraftig samfunnsutvikling i perioden 2020-2022.

Utviklingsplanen for Vestland 2020–2024 (PDF) set retning for utviklinga i fylket, og klima og miljø sett som premiss for samfunnsutviklinga. Eit berekraftig og nyskapande Vestland er visjonen for å styrke lokalsamfunn, kvardagsliv og like moglegheiter for alle. Fylkeskommunen stør prosess- og utviklingsarbeid som stør opp om denne innsatsen.

Føremålet med tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal bli brukt til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivast, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv. Ordninga omfattar tre innsatsområde: klima, stadsidentitet og folkehelse. Kommunane kan søkje på eit eller fleire av innsatsområda. 

FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for samfunnsutviklinga i Vestland fylke. Mål 17; Samarbeid for å nå måla, peiker på at vi må samarbeide på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å møte dei store samfunnsutfordringane framover. 

Utvalde prosjekt det er gitt tilskot til: