Askøy - Transformasjon fra parkering til park

Kommunen ynskte å gje noko attende til innbyggjarane sine som førte til eit nytt parkområde i Kleppestø sentrum.

Parkeringsplass transformert til ein mellombels park på Kleppestø i Askøy kommune.
Utplassering av benkar, bord og blomar skaper ei innbydande atmosfære i den mellombels parken. Foto: Askøy kommune.

Kleppestø er eit sentralt knutepunkt i Askøy kommune. Her finst busstasjon og hamn for hurtigbåten som trafikkerer båtruta Askøy – Bergen parallelt med buss. Kleppestø har vært under ein langtekkelig prosess i utviklingen av et levende sentrumsområde. I samband med dette ønskte kommunen å gi noko tilbake til innbyggjarane. Den solrike parkeringsplassen vart transformert, og resultatet vart ein aktiviserande park med funksjonar for alle årstider.

Arbeidet med transformasjonen

Kommunen starta opp i januar 2022 med planleggingsarbeid. I april 2022 vart det aktuelle området stengt for bilar, og det vart laga ein pop-up park. Det vart hengt opp heimelaga vimplar sette ned ein sofa, bord og benker. Biblioteket satte frem avlagte  bøker, og stiftelsen BUA stilte med utstyr som hengjekøyer, spel og leiker. Resultatet var at plassen fremstår som innbydende og levende.

Medverknad i prosjektet

Ved åpningen fekk alle forbipasserende ein kaffikopp i handa. På kaffikoppen var det klistra på ein QR-kode som var lenkja til ei spørjeundersøking om parken: Kva ønskjer du for dette mellombelse parkområdet? På 3 timar hadde det komme inn 150 svar. 

Vidare vart det spandert frukost på ein 8. klasse på området. Ungdommen fekk god tid til å ta i bruk området, leika og spela. Dei fekk også delt ut skjema dei skulle fylla ut om korleis ein kan utvikla parkområde vidare. Eit viktig fokus var korleis dette skulle bli eit inkluderande område for alle. 

Same ettermiddag vart frivillige og næringsliv invitert til idedugnad om parkområdet i kommunestyresalen, kor pop-up parken og barn og unges tanker var tema.

Innspel frå alle desse medverknadsprosessane denne dagen gav unike moglegheiter for å utarbeida eit prosjekt i tråd med kva folk ønskjer at dette området skal vera. Kommunen hadde eit ansvar å balansera dei ulike interessene ut frå det som er hovudintensjonen med midlane; å gi noko tilbake til innbyggjarane, og skapa ein plass som både er inkluderande og aktiviserende. 

 

 

Sjå Kleppestø på kartet